Kjell Slåtten har brukt mykje tid med spaden siste månaden for å grave fram inngangsdører og sikre rømmingsvegar.
Kjell Slåtten har brukt mykje tid med spaden siste månaden for å grave fram inngangsdører og sikre rømmingsvegar.

– Aldri sett så mykje snø

Snømengda er stor og skiforholda fantastiske på Hardangervidda. På Krækkja er det uvanleg mykje snø.Kjell Slåtten har arbeidd på den eldste turisthytta på Hardangervidda sidan 1965.

I 1976 overtok han drifta frå tanta, Jørann Slåtten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har vore her i over 50 år. Eg har aldri sett det slik.

Har spadd

For i dagane fram mot sesongopninga 2. mars var det ikkje akkurat berre å opne dørene.

– Eg var oppe i slutten av februar. Då brukte eg to dagar på å spa fram huset der aggregatet står og porten til garasjen der snøfresaren og snøskuteren står, seier Slåtten.

Kjell Slåtten og Elin Wiborg gjer seg klare for nok ei helg med fullt hus. Matvarene blir henta med snøskuter.
Kjell Slåtten og Elin Wiborg gjer seg klare for nok ei helg med fullt hus. Matvarene blir henta med snøskuter.
Kjell Slåtten har drive Krækkja sidan 1976. – Eg har aldri sett så mykje snø, seier Slåtten.
Kjell Slåtten har drive Krækkja sidan 1976. – Eg har aldri sett så mykje snø, seier Slåtten.
To av husa på Krækkja er så godt som nedsnøa. Til høgre skimtar Kjell Slåtten mønet og ei pipe på huset der aggregatet står.
To av husa på Krækkja er så godt som nedsnøa. Til høgre skimtar Kjell Slåtten mønet og ei pipe på huset der aggregatet står.
Det er ikkje grunn til å klage på verken snømengder eller skiforhold på Hardangervidda.
Det er ikkje grunn til å klage på verken snømengder eller skiforhold på Hardangervidda.

Han viser veg til huset med skistall og turkerom. Det er eitt av to hus som nærmast er fullstendig nedsnøa. Her er det grave passasje ned til inngangsdøra. Men er det vind og snø i lufta, blæs det att.

– I påska gjekk det greitt. Då var det lite vind. Men blæs det, må me spa i eitt, seier Slåtten, som då er oppe tidleg om morgonen for å spa fram inngangsdørene.

Godt skiføre

Men dei store snømengdene sørgar då også for flotte forhold for skituristane på veg over Hardangervidda.

Torsdag føremiddag var ein skuleklasse frå idrettslinja ved St. Hallvard vidaregåande skule i Lier på veg mot Haugstøl og Ustaoset etter sin årlege tur til Krækkja. Eit lett vindrag, sol frå skyfri himmel og nokre få minusgrader sørga for ein perfekt dag. Denne helga er nye gjester på veg.

– Då er det fullt hus, seier Slåtten, og lempar matvarene Elin Wiborg har henta med snøskuter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman har dei drive turisthytta sidan 1982. Og dei er berre det fjerde vertsskapet i hyttas 140 år lange historie. For her har dei tradisjon for å halde på lenge. Ole L. Aaker dreiv i 45 år fram til 1924. Så overtok Lars og Ragna Ødegaard før Jørann Slåtten overtok i 1941. Ho styrte hytta i 33 år.

 

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

 

Lang historie

1161 meter over havet vart det første hytta bygd i 1878.

– Hytta opna i 1879. Då var det ingen gjester. I 1880 var det to, seier Slåtten.

Men i 1909 kom Bergensbanen. Då måtte hytta raskt utvidast, for med jernbanen vart høgfjell og vidde lettare tilgjengeleg. Sidan har tusenvis av gjester vore innom.

Ein av gjestene Slåtten minnest, er norsk-canadiaren Herman Smith-Johannsen, berre kalla «Jackrabbit».

– Då han kom til Krækkja i 1967, var han 92 år, seier Slåtten.

Alt den gongen for ei legende å rekne. Han er rekna som den som innførte langrenn i Canada, og om han er det laga ein film og han vart medlem av Order of Canada i 1972. Han døydde i 1987, 111 år gamal.

– Elles har Arbeiderparti-statsministrane Einar Gerhardsen, Trygve Bratteli, Gro Harlem Brundtland og Jens Stoltenberg vore her. I 1991 kom Dronning Margrethe, seier Slåtten.

Artikkelen held fram under annonsen.

 

{{imageLeft}}{{imageLeft}}

 

Størst på Vidda

Vintersesongen på Krækkja varar frå 2. mars til 6. mai.

– Korleis har årets sesong vore?

– Det er god trafikk. Vekedagane kan vere rolege, men det er fullt hus i helga. Dette er hytta med mest trafikk på Vidda. Då reknar me ikkje med Finse og Haukeliseter. For dit går det tog og bilveg, seier Slåtten.

I slutten av juni startar sommarsesongen.

– Den varar frå 29. juni til midten av september. Men med så mykje snø, kan det bli seint farbart.