Ål vil ha meir for straumen
Det kommunale kraftselskapet i Ål har selt seg for billeg. Målet til Ål Kraftverk KF er å ta inn 10 millionar kroner meir for straumen.
Endringa betyr ein prisvekst på nesten 30 prosent, frå 35 til 45 øre/kWh.
For ein husstand med eit årsforbruk på 20.000 kWh i året betyr prisauken 2000 kroner i året.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har selt seg «for billeg»
Problemet for kraftselskapet og kommunen er at ein ei tid har selt seg «for billeg». Ettersom overskotet har krympa ser ein etter andre måtar å rekne ut prisen på.
I dag har ein lagt seg på eit gjennomsnitt av dei fem rimelegaste tilbydarane i marknaden. Utfordringa er at mange aktørar driv med utbreidd lokkeprising, men gjerne berre i korte periodar. Ål Kraftverk endar opp med å prise seg etter kampanjane, på eit nivå langt under den løpande spotprisen i engrosmarknaden. Det er dette det no kan bli slutt på.
Opp til kommunestyret
Forslaget er å heller ta utgangspunkt i spotpris. Det gir meir stabil inntekt til kraftselskapet og kommunen, men det betyr også at straumkundane må belage seg på å betale inn meir. Med eit forbruk på 106 GWh betyr endringa 10,6 millionar kroner i ekstra straumutgifter for abonnentane.
Det kommunale energiutvalet var innstilt på kursendringa alt på tampen i fjor. Forslaget er at fastbuande og næringsliv får eit pristak på 45 øre kWh, mens hytteabonnentar ikkje får pristak.
19. februar skal kommunestyret avgjere om det blir eit nytt prisregime eller ikkje.