I dette nybygget på Torpomoen ligg lokala til forskings- og utviklingssenteret til Ål kommune. Dette blir sentralt i samarbeidet med Høgskolen i Buskerud.
I dette nybygget på Torpomoen ligg lokala til forskings- og utviklingssenteret til Ål kommune. Dette blir sentralt i samarbeidet med Høgskolen i Buskerud.

Ål knyter seg til forskingsmiljø

Ål satsar på utvikling av helseteknologi og utdanning innan helse. Dette skjer i nært samarbeid med Høgskolen i Buskerud.

– Me er i ein oppstartingsfase og veit enno ikkje mykje om kva dette kan bli. Eg har likevel god tru på at me vil sjå resultat, seier ordførar Ivar Brevik.

Samarbeidsavtale

Ål kommune og Høgskolen i Buskerud (HiBu) underteikna på forsommaren ein samarbeids- og partnerskapsavtale. HiBu har høge ambisjonar for si satsing på helse og teknologi og har som mål å bli eit leiande nasjonalt fagmiljø. Med seg på laget er Ål og Hallingdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ål definerer seg som helsekommune, har eit godt utvikla fagmiljø og ambisjonar for lokalt forskings- og utviklingsarbeid. Samarbeidet med HiBu blir knytt opp mot forskings- og utviklingssenteret kommunen står bak på Torpomoen. Opp mot dette er Hallingforsk knytt, likeins utviklingsarbeidet til undervisningssjukeheimen i Buskerud som Ål har. Med Hallingdal lokalmedisinske senter er regionen i fremste rekkje i Norge når det gjeld å byggje opp apparatet for å tilpassa seg samhandlingsreforma. Dette er også eit poeng.

Vitensenteret

Vitensenteret helse og teknologi på Papirbredden i Drammen vil vera ein sentral del i samarbeidet mellom høgskolen og fagmiljøa i Ål. Senteret skal opnast offisielt 27. september, der ordførar Ivar Brevik møter i spissen for ein kommunal delegasjon.

Avtalen seier at HiBu skal ha ein såkalla satellitt i Hallingdal, som blir knytt til miljøet på Torpomoen. Ål kommune skal vera HiBu sin hovudsamarbeidspartnar når det gjeld å utvikle desentraliserte studietilbod. Det heiter vidare at Ål også skal vera høgskolens base for regionale studiesamlingar. Partane skal i fellesskap utvikle modellar for utdannings- og kompetanseutvikling innan helse og omsorg i distrikts-Norge.

Ål støttespelar

Ål får vidare ei rolle som støttespelar for å utvikle Vitensenteret som eit nasjonalt senter for helseteknologi. HiBu vil bidra til å utvikle Hallingforsk med prosjekt innan helsevitenskap og omsorgsteknologi. Her vil ein også samarbeide med Universitetet i Oslo, avdeling for allmennmedisin, som alt bidreg til Hallingforsk.

Har fortrinn

Ordførar Ivar Brevik seier at det er vanskeleg i dag å konkretisere gevinstane ved eit slikt samarbeid. Men det faktum at HiBu søkjer samarbeid med Ål, viser at satsinga på helse og utviklingsarbeid i kommunen gir frukter. Kva dette skaper av aktivitet og arbeidsplassar er enno for tidleg å seie noko om.

HiBu tek ikkje sikte på å ha mange tilsette i Hallingdal. Men samarbeidet og kontakten dit er uansett viktig. Utvikling av ny teknologi innan helse blir sett på som eit stort felt i åra framover. Med sin kompetanse på helse og omsorg har Ål fortrinn som HiBu ynskjer å ta del i. Slik kunnskap er viktig i arbeidet med å utvikle teknologi for å lette og effektivisere arbeidet i omsorgssektoren.

Avansert auditorium

Ordføraren peikar dessutan på den delen av avtale som går på opplæring/undervisning og rolla Ål, ifølgje avtalen, skal ha som HiBu sin base for regionale samlingar. Forskings- og utviklingssenteret på Torpomoen er lagt til rette for slike oppgåver med eit topp moderne auditorium med avanserte tekniske fasilitetar.