Ål kan puste letta ut: Koronaprøve knytt til helsesenteret var negativ
Laurdag vart heile Ål helsesenter stengt etter ein positiv koronaprøve knytt til sjukeheimen. Men måndag fekk kriseleiinga i kommunen ein oppløftande beskjed.
– Prøve som me hadde venta på var negativ. Det betyr at karantenen er oppheva både i Uppigarden og Nigarden, fortel ordførar Solveig Vestenfor til Hallingdølen måndag morgon.
Å få koronasmitte tett på helseinstitusjonar er eit skrekkscenario i alle kommunar. Derfor har Ål halde pusten i påvente av kva som ville skje ved helsesenteret. Det var derfor godt å få ei gladmelding, etter ei helg med usikkerheit.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men besøksforbodet på helsesenteret gjeld framleis, påpeikar ordføraren.
Ål er ein av fleire kommunar som har stengt helsesenter og sjukeheim for besøkande i desse dagar. Koronasituasjonen er uoversiktleg fleire stader, og når det gjeld dei eldre og sjuke blir det ikkje tatt nokon sjansar.
Ål har hatt ei relativt bratt smitteutvikling over dei siste dagane, og er no oppe i 12 smitta.
Smittesituasjonen i Hallingdal var slik klokka 09 måndag morgon:
Flå: 3
Nesbyen: 7
Gol: 31
Ål: 12
Artikkelen held fram under annonsen.
Hemsedal: 5
Hol: 2
Totalt 60 personar. I Nore og Uvdal er det meldt om eitt smittetilfelle.