Ål kommune har tilsett ny kommunalsjef for oppvekst.
Ål kommune har tilsett ny kommunalsjef for oppvekst.

Ål har tilsett ny skulesjef

Vegar Hoel (38) frå blir ny oppvekstsjef i Ål kommune.

Ved årsskiftet takkar Eldgrim Springgard for seg etter å ha vore kommunalsjef for oppvekst i Ål sidan 2010.

No er arvtakaren tilsett. Vegar Hoel (38) var ein av i alt fire søkjarar på stillinga. Etter både fyrste- og andregongsintervju vart han innstilt som ein av to potensielle kandidatar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han me innstilte som vårt fyrsteval har takka «ja» til jobben. Me er kjempefornøgde, seier Karsten Dideriksen, rådmann i Ål.

Hoel jobbar per i dag som rektor på Jennestad Montessoriskule på Sortland.

1. mars 2020 tek han til som ny skulesjef i Ål.