Ulv.
Ulv.

Å spore etter ulven

Det er ikkje alltid like enkelt å stadfeste om observasjonar og spor verkeleg stammar frå ulv eller andre rovdyr.

Nokre gonger får rovviltkontaktane høyre om det lenge etterpå. Då er det for seint å spore på dyret, eller leite etter ekskrement.

– Får me beskjed med ei gong folk ser spor, eller observerer ulv og anna rovdyr, kan me køyre sporing og sjå etter ekskrement med ei gong. Det er vanskeleg å spore etter at det for eksempel har kome nysnø, eller det har gått for lang tid. Ved hjelp av DNA-profilane kan me seinare få danna eit bilete av slektskapen til dyret, seier Hans Vidar Nestegard, rovviltkontakt for Hol og Ål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire i fjor

– Den ulven som vart observert i Dagali i mars, vart spora av Emil Steira i 3–4 kilometer. I tillegg vart det samla inn ekskrement til DNA-profil. Me ventar dessverre framleis på svaret av dei prøvene, fortel Nestegard. Han seier at det av og til kan ta litt tid før ein får tilbakemelding.

– Det vart jo observert ulv ved Breadalen i Ål også. Den vart sett av ein hundekøyrar i november i fjor. Ho såg ulven på 200 meters avstand. Dessverre fekk eg beskjed fyrst ein månad etterpå. Då kunne eg ikkje reise opp og spore den. Den observasjonen blir regna for «antatt» sikker, men sidan me ikkje fekk spora dyret, eller sett etter ekskrement, kan det ikkje dokumenterast, fortset han.

Kjem fyrst i høgda

– Forskarane seier at når ulven kjem, så kjem den gjerne høgt i landskapet, dvs høgfjellet. Men ingen regel utan unntak. Dei kan bli observert lenger nede i dalen fyrst også.

Statens Naturoppsyn)
Statens Naturoppsyn)
Hans Vidar Nestegard er rovviltkontakt i Hol og Ål.
Hans Vidar Nestegard er rovviltkontakt i Hol og Ål.
I dette området vart det 11. november i fjor gjort ein observasjon på 200 meter av eit dyr som temmeleg sikkert var ulv.
I dette området vart det 11. november i fjor gjort ein observasjon på 200 meter av eit dyr som temmeleg sikkert var ulv.

Det kan i somme tilfelle vera vanskeleg å skilje mellom hund og ulv. Men folk må ikkje vera redde for å varsle dersom dei er usikre. Me som er rovviltkontaktar heller ha for mange meldingar enn for få, seier Nestegard.

– Kva er hovudskilnaden?

– Ulven har eit meir massivt hovud. Høgda frå bakken er også verd å merke seg. Opp til bogen er det gjerne rundt 80 centimeter.

Vil vera sikker

Hans Vidar Nestegard fortel at han sjeldan kan vera hundre prosent sikker på konklusjonen når han for eksempel skal ta stilling til om dyr er tekne av rovdyr, eller ikkje.

– Mange lurer nok på kvifor eg ikkje seier så mykje. Til det er å seie at eg fort kan sjå kva som mest sannsynleg har vore på buskapen, men vil at eg vil ha det heilt klarlagt før eg kan gje ein konklusjon, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nestegard fortel at han treng heile dyret for å sjå kva som kan ha teke det. Han har hatt tilfelle der han berre fekk sjå skjelettet på eit lam, men han kunne konstatere ut frå merke i hovudskallen, at det var tatt av ørn.

– Folk trur ikkje at det er noko å finne, når berre skjelettet og skinnet ligg att. Men det er det, avsluttar han.

* Det er viktig at anten Statens Naturoppsyn (SNO), Direktoratet for naturforvaltning (DN) eller rovviltkontaktane får beskjed så fort som råd ved mistanke om synsobservasjon av rovdyr, eller spor etter rovdyr.

* Rovbasen har fem kategoriar på synsobservasjonar og sporing av rovdyr. Desse er; dokumentert, antatt, usikker, forkasta og feilmelding.

* Ved spor eller observasjon av rovdyr, er bilete god dokumentasjon.

* Det er Direktoratet for naturforvaltning som har øvste ansvaret for overvaking av rovdyr

* Mykje av den informasjonen som finst om rovvilt i dag, er basert på informasjon frå lokalbefolkninga.

* Metodane er sporing på snø, synsobservasjonar, dokumentasjon av skader på husdyr og tamrein, og undersøkingar av døde rovdyr.