Seks nye prøvesvar i dag: No er Hol hardast råka i landet
Talet på positive prøver i Hol fortset å stige, og er no oppe i 42. I heile Hallingdal er 80 personar registrert koronasmitta.
Då Hallingdølen gjekk i trykken fredag, var talet på koronasmitta personar i Hol 36. Laurdag morgon vart det meldt om to nye tilfelle, og ei stigning til 38.
Nokre timar seinare, ved 18-tida laurdag, var talet kome opp i 42.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har no fått svar på alle innsende prøver, seier kommuneoverlege Geir Strømmen.
Vil du lese fleire nyheiter om koronaviruset? Sjå vår samleside her
Hallingdølen kunne i går melde at Hol er blant landets aller hardast råka kommunar. Berre Frosta i Trøndelag hadde det tøffare, med 8,76 smitta per tusen innbyggarar. I går var Hol oppe i 8,1.
Men med dei nye tilfella i dag, er Hol oppe i 9,46 smitta per 1000 innbyggarar. Det betyr at kommunen no er hardast råka i heile landet.
– Eg forstår godt at folk lurer på korleis me kan ha kontroll no. Men det har me. Me har kartlagt alle smittetilfelle og kjenner smittevegar og smittepunkt, sa smittevernlege i Hol Peter Schiellerup til Hallingdølen fredag.
Heile saka om korleis Hol held kontroll på situasjonen og korleis dei jobbar, kan du lese her.
Hallingdal er no oppe i 80 registrerte smittetilfelle:
Flå: 1
Artikkelen held fram under annonsen.
Nesbyen: 14
Gol: 8
Ål: 9
Hemsedal: 6
Hol: 42
Nore og Uvdal har eitt registrert tilfelle.
q