31 i karantene etter koronasmitte ved Drammen sjukehus
Ein radiograf ved Drammen sjukehus har testa positivt på covid 19.
24 pasientar og sju tilsette blir sett i karantene etter nærkontakt med den tilsette, melder Vestre Viken helseføretak i ei pressemelding.
Det er ukjent kvar vedkomande har blitt koronasmitta.
Artikkelen held fram under annonsen.
All planlagt MR-drift er utsett og Drammen sjukehus får no hjelp frå Bærum sjukehus. Øyeblikkeleg hjelp og hastepasientar går som normalt.
Alle tilsette som er sett i karantene blir følgd opp av avdelinga og av Drammen kommune. Pasientane som sjukehuset har ringt til er informert om at dei må i karantene i 10 dagar. Dei har også blitt bedt om å ta kontakt med heimkommunen sitt smittevern dersom dei får symptom.