296 smitta i Hallingdal denne veka: Sjekk status for din kommune
Både Hol og Gol står i ein situasjon der smitta har auka stort på kort tid. Men stort sett har kommunane god kontroll.
Hol har sidan måndag fått 109 bekrefta smitta. Tidlegare denne veka fortalde kommuneoverlege Silje Koldal om ein svært krevjande situasjon.
– Me har alle ressursane våre i sving, og me omrokkerer slik at me greier å teste alle som treng det. Det er svært krevjande arbeidsforhold no, og strikken er tøygd så langt me klarer, sa ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fredag fortel ho at smitta held fram å auke, men:
– Me må ha tid til å stole på systema med testing, og samle informasjon derifrå. Me held fram med gult nivå i skule og barnehage.
– Sjølv om det er høge smittetal i Hol, slik det også er i andre kommunar, har eg tillit til at testing og inndeling i kohortar skal hjelpe oss med å avgrense omfanget av dette, seier Koldal.
Det er omikron som dominerer. Den gir ikkje så alvorleg sjukdom, men nokon blir likevel hardare råka enn andre.
– Me har lagt inn to personar denne veka. Dette er personar med risikofaktorar, fortel ho.
Smittesituasjonen i Hallingdal per 14. januar
Kommune | Tal på smitta |
Flå | 5 |
Nesbyen | 9 |
Gol | 81 |
Hemsedal | 51 |
Ål | 41 |
Hol | 109 |
Kraftig utvikling
Også i Gol har smittekurva gått bratt til himmels denne veka. På fem dagar har 81 personar blitt smitta, og kommuneoverlegen ventar dei vil passere 100 i løpet av veka.
– Om me alle kan avgrense talet på nærkontaktar dei neste par vekene, vil det hjelpe oss i arbeidet. Då vil me kome raskare attende til normalen, seier kommuneoverlege Jagannivasan Thurainayagam.
Også Gol har valt å halde skular og barnehagar på gult nivå.
Artikkelen held fram under annonsen.
Har fått kontroll
Hemsedal har hatt ein svært krevjande situasjon i starten av januar, men no melder kommuneoverlege Camilla Underland om god kontroll. 51 personar har fått bekrefta koronasmitte denne veka. 183 har blitt testa.
– Me har god kontroll og oversikt, seier Underland. Smitta er i hovudsak knytt til skule, barnehage og tilreisande.
Ål har 41 smitta den siste veka. Nesbyen melder om ni tilfelle, Flå om fem.