24 smitta på 10 dagar: - Mange ukjende smittevegar
14 av dei 24 som har fått koronaviruset i Ål dei siste 10 dagane er elevar ved Ål ungdomsskule.
– Dei er delt på alle trinn. 9. trinn er no ute av karantene. På dei to andre trinna er det såpass mange ukjende smittevegar at me har valt å halde alle i ordinær karantene, fortel kommuneoverlege Toril Bøyum.
– Med mange ulike smittevegar, trur de det er skjult smitte i Ål-samfunnet no?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har ein mistanke om det, seier Bøyum.
Sundag kveld tikka det inn to nye positive prøvesvar. Det gjer at kommunen no er oppe i 24 på berre 10 dagar.
– Dei to er kjente nærkontaktar. Ein klasse ved Ål vidaregåande og ein klasse på Nedre-Ål skule er i karantene. Det blir utstrakt testing måndag, seier kommuneoverlegen.
Ål har hatt nok å henge fingrane i den siste veka; smitta som har spreidd seg særleg blant ungdommen har gjort at svært mange har vore nøydd til å teste seg.
For å vareta smittevernet å best mogleg måte, bestemte kommunen seg i helga for å setje skulane og barnehagane i Ål på gult nivå.
Det betyr mellom anna digital heimeundervisning for heile ungdomsskulen, og redusert opningstid i barnehagen.
– Vurderinga vår er at ungane kan ha ein god skulekvardag på gult nivå, samtidig som det avgrensar konsekvensane av smitte for barn, familiar og helsevesen, seier Bøyum.
– Me prioriterer med det også at fritidsaktivitetar går som normalt, men sjølvsagt med fokus på godt smittevern.
Artikkelen held fram under annonsen.
Totalt er 39 personar smitta i Hallingdal dei siste to vekene. Dei 39 smitta fordeler seg slik:
Gol: 10
Ål: 24
Hemsedal: 1
Hol: 2
Nesbyen: 2