20 smitta så langt denne veka: Seks elevar testa positivt

Av dei 20 nye tilfella av koronasmitte i Ål denne veka, er seks skuleelevar på to trinn ved Torpo skule.

Torsdag vart det kjent at skulen hadde innført heimeundervisning etter at smitta har råka dei den siste veka. I tillegg til smittetrykket sleit skulen også med høgt sjukefråvær blant dei tilsette.

Les også
Heimeundervisning etter smittetrykk og fråvær

Ifølgje kommuneoverlege Toril Bøyum har seks elevar testa positivt berre denne veka. Dei går på to samarbeidande trinn.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ni nærkontaktar har også testa positivt, men ingen av desse får ytterlegare konsekvensar for Torpo skule eller barnehage, seier ho.

Elles er fire av dei andre som har fått positivt prøvesvar nærkontaktar til smittetilfelle som kommunen alt kjente til. Det siste av dei 20 nye tilfella er enno under kartlegging.

Ål er no oransje på smittekartet, og står registrert med 30 nye smittetilfelle dei siste to vekene.

Les også
Barnehage og skule råka av smitte: Har testa både tilsette og barn
Les også
Framleis mykje smitte etter julebord: 13 nye siste døgn