20 nye smitta: Gir alle elevar heimeundervisning fram til jul
Sundag kveld bestemte Nesbyen seg for å halde skulen stengt dei neste vekene. Årsaka er aukande smitte i kommunen.
Elevane ved både ungdomsskulen og barneskulen skal få digital heimeundervisning den neste halvanna veka fram mot juleferien.
Det bestemte beredskapsgruppa i eit møte sundag, etter ei hektisk helg med mykje jobb.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Den siste veka har me fått 20 nye smitta i kommunen. Me har jobba mykje med dette. Smitta råkar fleire trinn ved skulen, dette har vore under oppsegling, seier kommuneoverlege Nils Høva.
Sundag kveld fekk foreldre som har elevar ved skulen melding om avgjerda. Elevane skal vere heime - men dei som har foreldre i kritiske samfunnsfunksjonar kan be om å få møte til undervisning.
I tillegg til at smitta aukar i Nesbyen, er det også utfordringar med stort sjukefråvær blant dei tilsette.
– Me har flinke folk som jobbar i oppvekstsektoren, dei er godt budd på heimeundervisning, seier Høva.
Mange har blitt smitta på kort tid i Nesbyen, men dei har enno ikkje fått svar på om det er deltaviruset eller den nye omikron-varianten dei har med å gjere. Høva har bede om å få eit svar på dette, og håpar det kjem raskt.
– Men me trur me har rimeleg oversikt på smitta, seier han.
Høva og kollegene hans jobbar no etter den «gamle» metoden, det som blir kalla vanleg TISK (testing, isolering, smittesporing og karantene). Det betyr at nærkontaktar blir sett i karantene for å stoppe vidare spreiing. Sist veke var rundt 100 personar i Nesbyen i karantene.
– Me må behandle all smitte som om det er omikron. Hadde me brukt nedjustert TISK no, hadde me fått denne situasjonen i fanget så det held, seier Høva.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me følgjer derfor det gamle regimet med smittesporing. Nedjustert TISK har aldri heilt fungert, slår han fast.