Vegen vidare etter krisa
Av Thor Warberg
Nokre vil attende til verda ved nyttårsbel, andre ynskjer å redde stumpane av arvesylvet og ressursane som kom på børs i 2000 og utover. Regjeringa Stoltenberg I (Ap) har blitt kalla «Den beste høgre-regjeringa som har vore». Gamlingane i Ap sat i sjokk då ungdomane i Armani-dress overtok. Men dei unge hadde vyer om børs og velstand for alle, og fekk drive på nesten to år. Men oppskrifta, sterk tru på den globale framtida gjekk vidare i norske regjeringar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den konservative tenketanken CIVITA skreiv dette i 2004: med globalismen blir det velstand for alle, helse for alle og godt miljø. Men la oss sjå på nokre tidstypiske milepælar frå den globale tida 1990-2020.
NORSKE SKOG. Ovasjonar frå CIVITA var det lite av i april 2020 då Norske Skog permitterte mykje folk ved dei to attverande norske fabrikkane, og samtidig gav 268 millionar i utbytte til aksjonærane (= avkastning på 10,7 % i desse krisetider). I tillegg må NAV ut med 34 mill. kr til dei permitterte!
Norske Skog spekulerte i vilden sky frå 1990 og gjekk konk i 2017. Vart då oppkjøpt av hedgefondet Oceanwood i England (har no 63 % av aksjane og styreformann Yen Y. Chiang i London). Grunnleggaren til Oceanwood starta i 2006 etter å ha vore 20 år i amerikanske Goldman Sachs. (Jfr. starten på finanskrisa i 2008)
ØKOKRIM slit med internasjonale firma med liten skattevilje. Dei «flyttar bort» store delar av overskota sine. Største skattesaka hittil var mot verdens største offshore riggselskap TransOcean og den vara i 10 år. Trikset for å unngå norsk skatt var å taue riggen Polar Pioneer ut i internasjonalt farvatn og så selge i dei få timane riggen var der. Firmaet drog 2014 i land ein vinst på ca 10 milliardar kr etter at Økokrim gav opp. Då var under-selskapa avvikla og verdiane flytta til skatte-paradiset Cayman Islands. Dessutan var «skattesjefens PC stjålet» skreiv ei avis. Men då var TransOcean snøgg med klage til PFU!
GRØN ENERGI
26.03.2020 skreiv den tyske ambassade til Olje- og Energidepartementet og klaga over «forskjells-behandling og dårlig investeringssikkerhet». Saka gjeld eit vindkraftverk på Andøya som tyske investorar har i kikkerten. Men dei mangla konsesjon. - I 2014 begynte tyske AQUILA CAPITAL å kjøpe norske kraftverk. To år seinare sat Aquila med 100 norske småkraftverk. To kraft-grupper, Grønnkraft og Småkraft, er gått saman, men eigarane sit no i Hamburg med Oldrik Verloop som direktør. Har me no stelt oss så ille at me må importere skiten kol-kraft frå EU i byte med rein norsk vasskraft?
Nord Pool
starta som eit samarbeid om straumsal mellom Statnett og svenske Kraftnätt i 1992. Via oppkjøp og utvidingar kom tilsvarande firma i mange land i Europa. Børsen Euronext har nyleg kjøpt 66 % av aksjane i NordPool. NordPool AS-direktøren heiter Rob Weldemichael, er 25 år og er/var eineaksjonær og bur på Kløfta. NB. Nord Pool tek alle oppgjer i mynteininga Euro, - forholdet mellom krone og euro gjer store utslag. Dersom euro-kursen i 2020 blir 10 kr, så betyr det minst 20 % prisauke på straum. (Ifylgje Ishavkraft)
Norsk MedisinalDepot
starta på 1970-talet som eit statleg depot. I 1995 vart det opna for konkurranse, 2001 oppkjøpt av tyske Celesio AG som sidan inngjekk i storkonsernet McCesson i USA. Namnet Norsk MedisinalDepot lever, men styringa skjer i USA. Norske politikerar meinte at depotet var i strid med EØS. Finland derimot har hatt sin nasjonale beredskap på dette området.
Artikkelen held fram under annonsen.
Krise-beredskap på medisin har no fått fokus, - ikkje uventa når markedet virkar slik at heile flylaster med medisinsk utstyr vedr. korona har skifta eigar undervegs!
Global ordliste (utrdag)
- Privatisering: når det offentlege let markedet overta. Eit honnørord i den globale tankegangen. Stikkord her kan vera Telenor, NSB og sjukehusdrifta, og sikkert mange fleire. Kjennetegn: stykkpris, anbud, masse direktørar. NSB gjekk opp frå 11 direktørar til 49 i dag. (Vy)
- Opsjonar: I 2001 starta opsjons-eventyret i regjeringa Stoltenberg. Tanken var å tiltrekke/behalde talent i offentleg næringsliv ved å gi dei aksjar. T.d. Telenor-sjefen fekk 37 millionar. Men då Hydro på styresmøte i 2007 gav sine 35 sjefar 210 millionar, då vart det bråk. Dagen etterpå vart gåva redusert med 20 millionar, men skaden var uboteleg og opsjons-ordninga vart nedlagt lokalt.
Til ettertanke
Nyleg sa Erna Solberg: - Globale problem trenger globale løsninger. Partifellen Heidi Nordby Lunde la til: - Gjør globalismen bedre! Pass opp for nasjonal-populismen!
CIVITA sitat frå 2004: - De multi-nasjonale selskapene representerer progressiv kraft!
Kommentar. No blir det eit viktig stortingsval. Mykje står på spel, og mange fine ord er tome. Politikerar skiftar ofte ham når dei kjem på tinget. Og korleis stemmer dei? (Sjå holderdeord.no - mykje rar stemming kunne me lesa der, men no er den nettsida dessverre redusert til partinivå.) Og kleda er heller ikkje noko godt kjenneteikn på ein truverdig politikar, - same person kan gå i alt mogleg mellom Armani, bunad eller lusekofte!