Vatn og jord
Der kåte fjellbekkjer og fyssande æar frå snjøløysingi møtest i låglandet millom høge fjell, vil fjelli gjeva dagmilda frå seg um notti og samstundes verne mot kalde vindar, og god jord og vatn gjev næring til rike avlingar for jordbrukarane.
Av slike stader kringum på jordi kan ein snøgt koma til å ende med å sjå fyre seg Voruk som ligg inne i Kirgisistan som fram til 1991 var ein av fem sovjetrepublikkar i Midt-Asia (Sentral-Asia). Sør for Voruk stengjer Alai-fjelli heile lengdi med toppar høgare enn 5 000 moh. , og mot vest og aust er det andre fjellrekkjor um ikkje fullt so høge som kringligg Voruk. Berre mot nord er det ein opning for vatnet som er livgjevande ikkje berre for Voruk-samfundet, men ogso for jordbruket vidare ut i den tadsjikiske luten av den voksterrike Fergana-dalen.
Frå gamalt av er Voruk folkesett av bufaste tadsjikiske jordbrukarar. Kirgisane på si side er merkte av å ha vore eit gjetarfolk som styrer med krøterflokkane sine og gjennom året har fylgt dei alt frå dalen og upp i hamnegangane millom Alai-fjelli. Og medan tadsjikane er av ei persisk folkegrein og målet er nærskyld farsi, har kirgisane eit heimemål av den tyrkiske målgreini.
Artikkelen held fram under annonsen.
Grensor
Midt på 1920-talet tok sovjetmakti til å streka upp grensor millom unionsstatar i Midt-Asia. Inne i Kirgisistan skulde Voruk likevel styrast frå Tadsjikistan, ikkje fyrst og fremst for skyldskapen sin med folket der (no kring 35 000), men avdi vatnet gjennom Voruk ogso er nytta av tadsjikane i Fergana-dalen. Fråstanden millom Tadsjikistan og Voruk vart gjort minst mogeleg ved at ei smal tunge tadsjikisk land tøgjer seg etter Isfara-elvi til det berre er på lag ei mil att til Voruk. Her fekk kirgisane ei gloppe å fara gjennom frå aust til vest der dei ogso har kolgruvor. Med denne grensedragingi vart upphavet lagt for ein lang strid millom Tadsjikistan og Kirgisistan um vatn or veitene, hamnegangar, ferdsel, åkerland og grus og sand or bekkjene og liknande. Det vart uvenskap i dagleglivet millom tadsjikiske og kirgisiske grender, og det drog med seg steinkasting og ei sjeldan gong bruk av jaktvåpen over uklåre grenselinor. Dette var likevel ikkje verre enn at grensevaktarar på båe sidor fekk roa bygdafolket.
I 1949 sette sovjetmakti ned ei nemnd til noggrant å ordne grensa, men nemnd fylgde på nemnd utan framgang. Tadsjikistan hevdar at Voruk er ein uløyseleg part av den tadsjikiske staten, og kirgisane legg fram sovjetiske kart frå overeinskomstar i millomkrigstidi som læt Voruk vera heimehøyrande i Kirgisistan. Skulde Tadsjikistan vinne fram fullt ut og Voruk koma i hop med eit tadsjikisk fylke, kunde Kirgisistan koma til å misse eit fast vegsamband til Vest-Batken millom anna for å hente kol. Folkeauken i Tadsjikistan set staten i knipe med skort på land. Nord for Voruk i Fergana-dalen er det 252 menneskje for kvar rutekilometer. At talet berre er 17 menneskje for kvar rutekilometer i Batken er derimot å vente i det fjellrike landet.
Usemje
Ei sak som snøgt lagar mykje usemje millom folk er dei ulike skifteslinone dei syner til og gjerne i grannelaget. Det kan vera republikkgrensone som ingen brydde seg stort um i sovjettidi, og kollektivbruki fekk nytte land som nådde inn i grannerepublikken, og det laga seg dimed grensor som fylgde rettane til kollektivbruki. I 2002 vart det på nytt skipa ei nemnd med medlemer frå båe sidor til endeleg å fastslå ei einaste rettsgild skiftesline, og sjølvsagt er det vandast gjennom åkrar, eng og beitemark, det er ikkje stort å bitast um over høgfjell og isbredar.
Men det var kirgisisk vegbygging som gjorde at tadsjikiske grensevaktarar i 2014 drog seg burt og la grensa open frå si side. So, i 2021 og året etter kom det til ålvorlege krigshandlingar med bruk av rakettar, artilleri, stridsvogner og kamphelikopter, og med fleire titals drepne og såra på kirgisisk og tadsjikisk side. Det gjekk hardast ut over landsluten Batken i Kirgisistan ved grensa mot Tadsjikistan i Fergana-dalen. Av den halve millionen innbyggjarar som budde der i 2022, rymde 137 000 austetter i eige land eller dei drog nordetter til Usbekistan, men desse krigane løyste ingen avgjerande stridsspursmål.
Våpenbruk
Det ser ut til at det er Tadsjikistan som lettast tyr til våpenbruk i striden med grannelandet. Det kan ha med den tadsjikiske presidenten å gjera. Emomali Rahmon har samla makti i Tadsjikistan hjå seg og sine, og han har Sambandsstatane i ryggen ved det at han hyser amerikanske soldatar som hjelper til med grensevakt mot Afganistan. Rahmon talar um godt grannskap samstundes som den tadsjikiske heren for nokre dagar er inne i Kirgisistan. Kanhende ynskjer han å gjera leidarane i Kirgisistan mjuke og lette å ha med å gjera ved ei endeleg fastsetjing av grenselina. Den kirgisiske presidenten Sadyr Zaparov har klaga seg til Russland som har vore ei ordnande makt millom dei asiatiske –stanlandi frå det tidlegare Sovjetsamveldet. ( «Stan» er eit persisk ord for land). Klaga kom det lite ut or. Med krigen mot Ukraina har Putin langt burte i Europa mist styrkje og tiltru til å kunne vera millommann i Midt-Asia. Politisk har Kina fenge eit breidt rom i Midt-Asia. Økonomisk har Kina hatt eit sovori rom lengje.
Og millom høge tindar ligg Voruk og er upphavet til grannestriden. Voruk er namngjeten for fruktdyrkingi si. Eg skulde gjerne likt å ha vore på ei høgd i nærleiken når blømingi er på det gildaste. Kanhende hadde eg då fenge sett rader med aprikostre på grøn mark med kvite blomar med raudt i mot snjøkvite fjelltoppar, og med blømande frukthagar i alle leider.