Tvungen oppgradering av bustadhus blir neste etappe
Sist vinter skreiv me at EU-trugar med krav om oppgradering av inntil 65 prosent av husa her i landet. No går det frå truslar til realitetar. EU-parlamentet har gjeve grønt lys for bygningsdirektivet som legg tidsrammene for oppgraderingane som krevst.
Bruken av energi til oppvarming av bustader skal ned med 16 prosent fram til 2030, og 20—22 prosent innan fram til 2035. Innan 2050 skal alle bygg vera det som kallast «netto nullutsleppsbygg» og kvalifisere til energiklasse A.
Artikkelen held fram under annonsen.
Unntaka frå regelverket omfattar fritidsbustader og bygg som er gamle og verneverdige. Ifylgje Nationen er det ikkje unntak for slunkne lommebøker. Rett nok har regelverket framleis eit par hinder å passere, men det er liten, eller ingen grunn til å tru at det blir stopp.
Huseierne var raskt ute då arbeidet med direktivet vart kjent her i landet sist vinter. Foreninga meinte då at utgifter på mellom ein halv og halvannan million kroner kan bli realitet for eigarane av inntil 65 prosent av bustadane i Norge.
Interesseorganisasjonar har for vane å ta litt hardt i når dei peiker på utfordringar og misforhold. Det er likevel ingen grunn til å tvile på at dette vil koste mykje. Ramme ulikt vil det også. Hus er så mangt, og i denne samanhengen kjem det an på kor godt det ligg til rette for utbetringar som verkeleg monnar.
Pålegget kjem også på eit lite gunstig tidspunkt. Auka prisar på mat, energi og renter pressar allereie hushaldningane. Det er utopisk å tru at prisane vil falle heilt attende til der dei var for eit par tre år sidan.
Stortinget blir difor neste adressat for denne saka. Det er sjølvsagt ingen grunn til å vente at direktivet vil bli stoppa. Heller ikkje er det feil å spare energi. Diskusjonen på Tinget vil handle om kor mykje den einskilde skal betale for oppgraderinga av bustaden.
Forskarar ved SINTEF/NTNU har allereie anbefalt at staten tek ein tredjedel av rekninga. Gjerne finansiert gjennom momsfritak eller skattefrådrag.
Hallingdølen er samd i dette. Det er sjølvsagt ikkje feil å spare energi. Men oppgraderingane det her er snakk om, er såpass kostbare at det vil vera urimeleg om bustadeigarane skal dekke alt.
Sparing av straum til oppvarming vil dessutan redusere behovet for statleg straumstøtte. Vidare vil sparing frigjere energi som på den frie marknaden kan løyse ut solid forteneste til offentlege og private som sel og produserer kraft. Dermed vil det vere heilt feil å legge alle utgiftene på forbrukarane.
Artikkelen held fram under annonsen.