Stoppar neppe flyttestraumen

Regjeringa vil at fleire skal bu i distrikta. Det går fram av distriktsmeldinga, som vart lagt fram sist veke. Bodskapen er ein logisk konsekvens av avtalen, som vart laga då Arbeiderpartiet og Senterpartiet fann fram til kvarandre, i dagens regjering.

Spørsmålet er om innhaldet, som er forankra i Hurdalsplattforma, skil seg mykje frå ei tilsvarande melding frå ein reint borgarleg regjeringskonstellasjon. Me trur ikkje det. Det er svært lite sannsynleg at nokon norsk regjering vil gå for at det skal bu færre i distrikta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ser me på dei politiske verkemidla, som har vorte nytta opp gjennom åra, kan det heller ikkje ha vore så store skilnadar. Trass i distriktspolitikk i verdsklasse, går flyttestraumen frå utkantane mot sentrum.

Les også
Desse studieretningane vil Campus Hallingdal starte: – Me treng studieplassane me ber om

Her er det naudsynt å stoppe litt. I denne debatten kan det vera føremålstenleg å skilje mellom distrikt og utkant. Flyttestraumen i etterkrigstida, har fylgd to løp. Frå heile Distrikts-Norge og inn til dei store byane og frå utkantane inn mot stadig veksande bygdesenter.

Ikkje minst her i øvre Buskerud ser me det siste. Folketalet i kommunane aukar, og auken skjer i hovudsak i bygdesentera.

Når me ser dette opp i mot fråflyttinga frå dei «verkelege» utkantane, ikkje minst nordover i landet, er det lett å skjøne at ei kvar regjering vil slite med å finne politiske tiltak som verkar i alle område. Til det er skilnadane for store.

Skal me då til vårt eige distrikt, så er det lyspunkt i meldinga. Mellom anna skal det satsast meir på desentraliserte studieplassar. Til det kan me kvittere frå Hallingdal at arbeidet allereie er i god gjenge, og at me ser fram til at regjeringa fylgjer opp, slik meldinga tek til orde for.

Les også
Her strålar Mehl for reversering av domstolreforma - men kva skjer no?

Regjeringa varslar også større fridom for kommunane til å tilpasse arealpolitikken etter lokale behov. Målet er å stimulere vekst. Dette er i så fall ei varsla opning av eit lokalpolitisk minefelt, med mykje konfliktstoff. Det blir difor spennande å sjå kor mykje av mineryddinga, som blir lokalpolitikarane til del.

Det tredje tiltaket me kan nemne, er utflytting av statlege arbeidsplassar. Anten det skal skje gjennom flytting av institusjonar, eller gjennom desentralisering av arbeidstakarar, så er dette ein våt draum for dei fleste kommunar. Det skjønar me godt. Nøkkelen til fortsatt vekst i norske bygdesenter ligg no ein gong i arbeidsplassar som fangar opp alle utdanningsnivå og begge kjønn.

Les også
Bøndene må få sleppe å tvile på eiga næring