Hol stadion har vorte kraftig oppgradert dei siste to åra. Laurdag 17. juni er det opningsfest.

Solid løft for idretten - ei investering for framtida

Heller ikkje ei idrettsplass varar evig. Det har gått eit par år sidan nokon innsåg dette, og bestemte seg for å oppgradere Hol stadion.

Tida hadde gått ifrå anlegget, med klubbhus og ein grusplass som var skøytebane vinterstid. Skøytebanen er, med rette, stoltheita til holingane. Men også denne tok til å skrante. I tillegg kosta det godt med pengar å halde lys i gamal armatur medan lysmastene svaia i vinden.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er heile plassen gjort om. Fyrste del av prosjektet var ferdig i fjor sommar. Då feira dei kunstgrasbanen med kakefest. No går det mot ny «snorklypping», med servering, talar og omvising på anlegget.

Utbygginga har skjedd med utgangspunkt i aktiviteten som har vore i Hol. Skøyter, ski, fotball og friidrett. Men området er no nytta langt meir intensivt enn som så.

Idrettsplassen er gjort om, og oppgradert med asfaltert skøytebane, niarbane med kunstgras, ballbinge, klatreløype, husker, trampolinar, padeltennisbane og ikkje minst fastmonterte treningsapparat.

Det siste er eit fenomen som har breidd om seg dei siste åra. Solide utandørs treningsapparat, der kven som helst kan ta ei økt, anten som avbrekk i løpe- eller sykkelturen eller som eige treningsprosjekt. Desse anlegga er opne stort sett døgnet rundt, så det skal ikkje stå på opningstidene.

Det er også viktig at eit slikt anlegg er innbydande og ikkje består av sliten bygningsmasse med måling som flassar. I Hol har også klubbhuset fått ei renovering, både på utsida og innomhus. Det er måla og pussa opp i garderobar, trenings- og spinningrom. Bygget har fått nytt tak, etterisolering og nye glas. Heilskapen er viktig.

Sjølvsagt har det kosta. Dei lokale bankane kom på banen med støtte. Tippemidlar har vore heilt avgjerande, og minnefondet etter Lars Lien gjorde at klubben fekk det siste lyftet til prosjektet. Kvar onsdag har det vore dugnad på banen.

Leiar i laget, Runar Tufto har rett når han seier at ei oppgradering av idrettsanlegget er ei investering i framtida. Tidsklemma lever også i bygdene, og det er viktig med kort avstand til gode treningsanlegg. Nyanlegget blir utan tvil eit flott samlingspunkt for mange i bygda.