Mindre nedbygging av natur vil i vårt område handle om, mellom anna, hytter og hyttefelt. Stortinget skal no handsame naturmeldinga regjeringa har laga. Deler av opposisjonen, mellom anna Høgre, vil gjerne ha strammare føringar.

Snodig allianse vil la kommunane ta dritjobben

Utbyggingskåte kommunar skal strammast opp. Stortinget er samd om dette når regjeringas naturmelding no skal handsamast. Usemja i saka handlar berre om kor alvorleg det verkeleg er nødvendig å ta dette kinkige temaet.

Alliansen, som ikkje vil gå for hardt til verks, består av regjeringspartia Senterpartiet og Arbeiderpartiet. Pluss Fremskrittspartiet. Dei tre har funne kvarandre i fleirtal for ein mild korreks som signal til det kommunale sjølvstyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

I framlegget skal kommunane oppmodast til å oppdatere planane for bruk av natur. Oppmodinga omfattar, mellom anna, meir omsyn til klima, natur og kulturmiljø.

Høgre, regjeringas støttespelar SV, og krinsen av mindre parti, ber regjeringa vurdere strengare krav. Kommunane skal oppdaterer eldre arealplanar, og kartlegge kva for eldre areal som kan brukast om att til nye formål.

Me snakkar om nyansar. Ingen av grupperingane signaliserer ekstrem innstramming. Heller ikkje etter at NRK har grave fram at svært mykje nedbygging skjer utan nemnande kartlegging av naturmangfaldet.

Meldinga som ligg føre no er ein konsekvens av den internasjonale naturavtalen frå Montreal. Norge er med på denne, og må difor foreta seg noko som går i favør av den urørde naturen.

Slike intensjonar er greitt å støtte i internasjonale fora. Det brukar også gå greitt i nasjonalforsamlinga. Det er fyrst ute i kommunane alvoret melder seg.

Motivet til statsminister Jonas Gahr Støre, og regjeringskollega Trygve Slagsvold Vedum er at strenge føringar for arealbruken vil skape utfordringar i kommunestyra. Der blir urørd natur hyppig sett opp imot arbeidsplassar og utvikling. Heller ikkje Frp ynskjer at biologar og arkeologar skal snoge og forseinke.

Samtidig er det slik at alle faglege omsyn seier at meir natur må sikrast for ettertida. Men dersom dette skal skje, må Stortinget samle seg om krav som hjelper kommunane til å setje grenser. Det må til eit breitt forlik, som toler ulike regjeringar.

Forslaga som ligg i Stortinget no er ikkje ekstreme. Usemja handlar om nyansar, og etterlet ingen tvil om at landet framleis skal byggast. Likevel må Stortinget gje lokalpolitikarane ryggdekking, dersom dei verkeleg meiner nedbygginga av natur skal bremsast. For det omfattar også dritjobben med å seie nei.

Artikkelen held fram under annonsen.