Råkøyring og straff

Suget etter fart rir landet. Ei sak er det generelt høge fartsnivået, prega av raskare og betre bilar. Kombinert med eit vegnett, og førarar, som i hovudsak står på staden kvil utviklingsmessig.

Den andre saka på dagsorden er den planlagde råkøyringa med ekstremt fartsnivå, gjerne nattetid. På det mest ekstreme er aktiviteten organisert med publikum og avsperringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt slikt er sjølvsagt ulovleg. I likheit med andre brotsverk i trafikken er det heldigvis også velordna rettspraksis, som kan nyttast når nokon skal straffast for råkøying.

Dommane går stegvis med bøter fyrst, deretter vankar det fengsel. Straffa blir justert noko i kvart einskild tilfelle. Angrande ungdom får gjerne mindre straff. Strie gjengangarar det motsette.

Straffene svir. Ikkje minst når fengsel blir resultatet. Mange assosierer fengsel med ein form for «Olsenbanden-kos». Men dei som får si fyrste økt bak murane erfarer gjerne det motsette. Det er ikkje uventa.

Fengsel i vårt land er ikkje mørke fangehol. Men det er ein stad du oppheld deg ufrivillig, saman med folk du ikkje har ynskje å tilbringe tid saman med. Det kan væra hardt nok for norsk velstandsungdom.

Les også
Jo - du kan miste bilen ved alvorleg råkøyring: – Eit ganske inngripande tiltak

Straff verkar ikkje alltid. Kva gjer ein då? Frå Bibelen finn me at Jesus bad Matteus tilgi ein syndefull bror sju gongar sytti gonger (Matt: 18:22). Sidan har talet 491 vore symbol på spørsmålet som kjem når tilgjeving, også i form av mild straff, ikkje fører fram.

Debatten om råkøyring har peikt på inndraging av bilar som eit alternativ. Dette har vorte nytta i mange år. For det meste i samband med gjentatt, og omsynslaus, promillekøyring.

Inndraging av reiskap som blir nytta til ulovleg køyring er difor ikkje eit urimeleg tiltak for å hindre omsynslaus bilbruk. Og dersom det må til juridiske justeringar for å klare det, så er dette fullt mogleg innanfor ramma av demokratiet vårt.

Det er uansett inga anna løysing enn å gjere det som må til for å stoppe fartsgalskapen. Å la råkøyringa halde fram er rett og slett å pisse på demokratiet vårt. Det må ikkje skje, og det kjem heller ikkje til å skje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Vart vitne til kappkøyring midt i sentrum: – Eg vart heilt sjokkert