Potetprisane kokar over og ingen har skulda

Potet til over 30 kroner kiloen, og ein bunt gulrøter til om lag 35 kroner. Det er ikkje det varierte sommarvêret som fører til opprør. Det er matvareprisane.

Prisauken på matvarer har vore solid siste året. Poteten tek teten med 28,7 prosent frå fjor til i år. Slikt blir det strid av. Ikkje minst fordi VG og NRK har rådført seg med «ekspertar», som spår 100 kroner kiloen for potet denne hausten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er trusselen om auka tollsats på poteter som løyser ut dei verste spådommane. Det skjer trass i at denne tollen, ifylgje kommentator Hans Bårdsgård i Nationen, har vore på 112 øre pr. kilo dei siste 30 åra.

Potetene me i sommar har kjøpt til 30 kroner eller meir pr. kilo, har ikkje vore belasta med toll. Denne skal fyrst slå inn frå 1. september. Eitt av måla med tollen er å sikre at dei norskproduserte potetene ikkje blir pressa ut av utanlandske.

Tollvernet blir difor nytta i tider med rikeleg tilgang på norske poteter. I tider med mangel på potet, og dermed behov for import, er tollen null.

Bak det openberre ynsket om å sikre at den norske potetavlinga blir seld, ligg også eit politisk mål om at mindre risiko, og større inntekt, skal gjere det mogleg for bøndene å investere i lager og kjølerom. Det skal i sin tur sikre god tilgang på norske poteter heile året.

Sikring av norsk matproduksjon har i alle år vore sentralt i norsk politikk. Ikkje minst, som ein del av distriktspolitikken. Den skjerpa situasjonen i vår del av verda har dessutan løyst ut ordet matsikkerheit.

Sjølvberging vart det kalla i ordskiftet framom dei to folkerøystingane om medlemskap i EEC/EU. Sjølv om prinsippet om auka innanlands matproduksjon framleis har stor oppslutnad, så røyner det naturleg nok på, når praksis fører til auka prisar.

Den vanlege gangen i debatten om prisane på landbruksprodukt, er at organisasjonane i landbruket og matvarekjedene skuldar kvarandre for prisauken. Mellomledda går merkeleg nok klar. Deretter kjem dei verkelege ekspertane og forklarer saka i Dagsrevyen.

Oppklaringa frå fagfolka er at det er eit svært komplisert bilete. Det er heilt rett. Landbrukspolitikken, med tilhøyrande støtteordningar og rammevilkår, er svært komplisert. Dei fleste forbrukarar har dermed meir enn nok med å bli endå meir oppgitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stadig ifylgje kommentatoren i Nationen; Bøndene har den siste tida fått 11 kroner kiloen for potetane dei har levert. Til hausten er prisen til produsent venta å bli sju-åtte kroner.

Kva så med omsynet til dei som har minst å møte prisgaloppen i butikkane med? Dei må sjølvsagt hjelpast, noko som er ei sentral politisk oppgåve. Men slik utjamning meiner me blir mest rettferdig når den skjer gjennom skattesystemet. Ikkje ved å vedta billegare mat også til dei som har mest.