Pinleg mangel på offentleg innsyn og openheit
Den kommunale openheita har skrale kår i Øvre Buskerud. Alle kommunane plasserer seg i det nedre sjiktet blant dagens 356 kommunar. Ei gransking som vart gjort kjend nyleg syner at Ål ligg dårlegast an lokalt, med plass nummer 340 på lista.
Dei siste tre åra har Pressens offentlegheitsutval og Kommunal Rapport sjekka korleis kommunane legg til rette for at innbyggarane skal kunne sjå kva dei driv med, og korleis dette skjer i praksis. Resultata er presentert i det såkalla Åpenhetsbarometeret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er ei viktig liste. Openheit i forvaltninga, anten det er på kommune- eller regjeringsnivå, er eitt av fundamenta for tilliten i samfunnet. Det skal ikkje vera høve til «å jobbe bak mål» og drive saker fram i det skjulte, slik at ingen rekk å ta til motmæle.
Retten til innsyn er slått fast i «Lov om offentlegheit i forvaltninga». Den kom i 1970, og var ein milepæl for heile samfunnet.
Nokon hevda at det var journalistane som fekk si lov. Til det er å seie at me i media ikkje spør for eigen del. Me spør for samfunnet på utsida av forvaltninga. Dei som les, lyttar og ser, betaler oss for å bruke denne lova til å fylgje med i avgjerdsprosessane i samfunnet.
Dei fleste set pris på dette. Unntaket er dei som ynskjer å få viljen sin i det skjulte. Knepa for å lure unna informasjon, er då også mange, kreative og velkjende.
Eitt av måla med undersøkinga som no er gjort, er å gjere kommunane merksame på hol dei bør tette. Det er ingen tvil om at dei lokale kommunane må fylgje opp her. Prinsippet om ei open offentleg forvaltning står svært sterkt i befolkninga.
Justisminister Emilie Mehl (Sp) fekk erfare dette. Sist vinter foreslo ho ei ekstrem innstramming av offentleglova.
På kommunenivå gjekk ho, mellom anna inn for lukka prosessar i saker om bruk av areal, og tilhøyrande utbyggingar. Ho ville også ha lukka prosessar om oppretting av, og tilsettingar i, jobbar i det offentlege.
Grunngjevinga var like oppsiktsvekkjande som framlegget: «Innsyn vil kunne føre til oppmersomhet og debatt.»
Artikkelen held fram under annonsen.
Statsråden som ynskte å slå eit slag MOT samfunnsdebatten møtte sterk motbør. Meir enn 3400 svar rann inn, etter at regjeringa la framlegget ut på høyring.
Forslaget om på stramme inn på openheita vart skrinlagt i løpet av september. Motstanden syner klart at prinsippet om open offentleg forvaltning har stor støtte. Framlegget frå Sp-statsråden syner også at prinsippet må vaktast.