Når vegvesenet driv med hogst, og omfattande sprenging, langs strekninga må både busstoppa og gangvegen koma på plass
Statens vegvesen arbeider med eit omfattande arbeid langs Rv7 mellom Rotneim og Trillhus i Gol. Vegen her har dei siste åra vore meir, kuldrut og uoversiktleg, enn strekningane som ligg før og etter.
Mange vegfarande har difor tenkt at her blir det no både breiare, rettare, meir oversiktleg, og ikkje minst gang- og sykkelveg.
Artikkelen held fram under annonsen.
No syner det seg at det ikkje er heilt slik. Det som pågår er i utgangspunktet utbetring av sideterrenget langs vegen. Det er eit aktverdig arbeid som vil gje betre sikt. Fjerning av dei mange bergnabbane på strekningen, vil også gjere det tryggare om uhellet er ute.
No reagerer grunneigarane i området. Dei meiner det bør byggast både gang- og sykkelveg, og skikkelege busstopp, som gjer det trygt for barna å gå av nær heimen sin.
Me er samde. Når vegvesenet driv med hogst, og omfattande sprenging, langs strekninga må både busstoppa og gangvegen koma på plass. Det verkar bakvendt om ikkje massen som blir teken ut blir nytta til å bygge dette.
Vegvesenet arbeider no med å sjå på kva som er mogeleg å få til. Etaten har starta prosjektering av busslommer, og kikkar på gangveg frå der han sluttar på Rotneim, og fram til avkøyringa mot Vermefoss
Dette er for svakt. Gangveg og busslommer burde sjølvsagt vore med i planane frå fyrste stund. Gangvegen, som dei kikkar på no, er ein 300 meter lang strekning fram til avkøyringa mot Vermefoss.
Hallingdølen meiner det burde vore sjølvsagt å bygge gang- og sykkelveg når ein no fyrst er i gang. Dette ville vere eit viktig steg på ein framtidig fullverdig gang- og sykkelveg mellom Torpo og Gol.
Det er fleire årsaker til dette. Eit moment er omsynet til bebuarane langs vegen. Like viktig er det at ei framtidig utbygging av gang- og sykkelveg mellom Torpo og Gol vil opne for arbeids- og fritidsreiser på sykkel mellom dei to områda. Slik tilhøva er i dag, er dette berre for spesielt interesserte.