Matkøane aukar og om to år er det stortingsval

Norge har verdas beste NAV. Få om nokon land kan konkurrerer med oss når det gjeld sosialt sikkerheitsnett. Likevel aukar køane hjå dei gode kreftene som deler ut mat til dei som er hardast råka.

Matkøane blir også symbolet på alt som tømmer lommeboka til dei som har minst. Det spenner frå vetlause kraftprisar og auka rentekostnader, til globale faktorar som også trekker prisane i vêret. Det er også ein kjent faktor at prisane blir auka litt ekstra i eit tid då forbrukarane allereie ventar at dette skal skje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan dette hender på Arbeiderpartiets vakt i regjeringskontora er det Joans Gahr Støre og mannskapet hans som kvar månad får tildelt stadig dårlegare galluptal. Folk straffar makta, også når dei inst inne veit at situasjonen ville vore om lag den same om Erna Solberg hadde fått fortsette etter valet for drugt to år sidan.

Forventingar er ei av årsakene til at Ap slit. Partiet er sjølve garantisten for dei norske velferdsordningane som er samla under NAV-paraplyen. Det var ikkje Høgre som fann opp desse ordningane. Det var Ap og fagrørsla som sto i brodden både for betre sosial tryggleik, og for å auke kjøpekrafta til vanlege folk.

Farskapet straffar seg no. Me er eit av verdas rikaste land. Men matkøane har vorte ekstra synlege, samtidig som den sosialdemokratiske garantisten har styringa.

Folk spør seg, naturleg nok, kva er det som har skjedd. Har velferdssystemet nådd yttergrensa? Hjelper me alle me kan hjelpe så mykje det er råd? Må systemet berre seie stopp, og overlate nokon til private ordningar?

Det er velkjent at ikkje alle tener godt nok til å klare seg økonomisk midt i ein prisgalopp. Grensa mellom stønad og låg løn er i mange tilfelle hårfin, og det skal trass alt løne seg å arbeide.

Det neste i dette biletet har me allereie sett. Debatten om kven det er som står i matkøane. Har dei jobb? Ja 14 prosent har det. Er dei etnisk norske? Ja, kvar fjerde. Kvar kjem flyktningane frå? Og har dei ikkje gode nok ordningar?

Debatten kan bli stygg. Heldigvis stundar det mot valkamp. Me håpar inderleg at dei rivaliserande partia i fram mot neste riksval både ynskjer, og klarer, å gjere debatten om matkøane til meir enn ein skittentøyvask. For temaet bør diskuterast.

Eller har me sokke like djupt som England? Eit land som er på lista over land me likar å samanlikne oss med. Der har mange av dei dårlegaste mista trua, og deltek ikkje lenger ved val. Dermed ser også politikarane at det er lite stemmer å hente ved å hjelpe.

Artikkelen held fram under annonsen.