Marit får det til

Skulen har rundt 150 internatelevar i alderen frå 3 til 18 år. Kapasiteten er 200. Det er 43 tilsette, og av desse er 28 lærarar. Døveskulen utanfor Nairobi i Kenya, omfattar til saman 12 bygningar og nøkkelen til det heile heiter Marit B. Kolstadbråten.

Det er 22 år sidan Marit, som då jobba ved Døves Media på Bakketeigen i Ål, fekk ideen til det som skulle bli hjartebarnet og livsverket. Under ein ferietur i landet, oppdaga ho døve barn i slummen, som levde under uverdige og valdelege forhold, utan skulegang eller nettverk rundt seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er lang veg frå ein slik tanke, til ein ferdig bygd skule i eit framandt land. Afrikansk slum er langt frå stødige Ål i Hallingdal. Ho pantsette huset for å koma i gang, samla støttespelarar rundt og seg gjekk i bresjen for å byggje skulen ho såg for seg. Organisasjonen Deaf Aid og internatskulen for døve, vart ein realitet nokre år seinare.

Arbeidet pågjekk med god framgang fram til 2018. Ein medarbeidar gjorde underslag, og Deaf Aid gjekk konkurs. I tillegg kom pandemien. Det var tunge slag. Initiativtakaren var langt nede, men klarte også å snu skuta. Organisasjonen vart reetablert under namnet Deaf Aid Isinya Norge, vart kvitt alle økonomiske krav, og kunne starte på nytt med blanke ark.

Det er eit vidunder av ei historie. Marit og støttespelarane hennar har gjort ein utruleg flott jobb. Ingen nemnt, ingen gløymt. Det er Marit, som har samla dei til innsats. Ho som i starten dreiv pr.-innsats i lokale media, for ein organisasjon ingen hadde høyrt om. Iherdig innsats førte til at biletet endra seg.

Borna som får hjelp, er likevel viktigast. Me veit at har me har Marit med oss i det synet. Å få skulegang tilpassa manglande hørsel, er ikkje sjølvsagt i Afrikansk fattigdom. For desse er det å lære teiknspråk, nøkkelen til å lære alle verdas språk.

Ikkje berre det. Språk er nøkkelen til all verdas kunnskap. Det er difor Marit B. Kolstadbråten har endå ein draum. Den er å etablere eit universitet for døve i Kenya. Ho seier at dersom dette lykkast, så er livsverket hennar fullført. Det er ikkje akkurat smålåtent, med du verda som me unner henne å få det til.