Lås inn koparkjelen!
Frekke tjuvar er på farten. Og dei veit kva dei vil ha - dei går målretta etter kopar.
Det er ikkje den dummaste kriminaliteten om dagen, det. Koparprisane er på veg i vêret. Råvareanalytikarar er rørande samde: I løpet av dei neste par åra vil kopar bli mykje meir verdt. Prisen kan auke med svimlande 75 prosent! Då blir til og med kabelkapp attraktivt tjuvgods.
Artikkelen held fram under annonsen.
I løpet av knappe tre veker har tre plassar opplevd kopartjuveri i Hallingdal. Først gjorde nokon eit raid ved Hol kyrkje, og tok for seg takrenner og nedløpsrøyr i blinkande kopar. Lett å sjå frå Rv7, og sikkert eit svært så freistande bytte for ein liten bande med god plass i bilen.
Deretter var det Elektrikerservice i Gol som fekk nattleg besøk, ein kvit varebil svinga inn på lagerplassen og forsynte seg av tre pallekarmar med kapp. No i helga vart også Ål installasjon råka. Tjuvane var målretta, gjekk rett på utebodane og fekk med seg kopar til mange titals tusen.
Felles for dei to siste innbrota er at gjerningsmennene tydeleg har gått etter dette eine. Verken i Gol eller Ål har dei vore interessert i å bryte seg inn i hovudbygningen eller ta med seg noko anna. Det er koparet dei vil ha.
Nyleg vart ein bande tatt på fersk gjerning i Hokksund, med same mål for auget. Det er ifølgje politiet ikkje dei same som har vore på ferde i Hallingdal. Men det seier i alle fall éin ting: Har du kopar, er det berre å gøyme det vekk. Lås det inne. Til og med kappen har blitt attraktiv no.
Heldigvis finst det overvakingsbilete av kopartjuvane i Hallingdal, både frå Ål og Gol. Bileta frå Gol er gode. Der ser ein tydeleg både bil og folk. Det gir i alle fall politiet gode spor å gå etter - me håpar berre dei set ressursar inn på å få stoppa dei. Ikkje at tjuveria kostar bedriftene så mykje at det veltar årsbudsjettet, men det er sjølvsagt ein vanvitig kjedeleg måte å tape verdiar på.
Når det i tillegg tydar på at dette er folk som går målretta inn og tek kopar, må dei ha rekognosert på førehand. Med andre ord - desse er ute på vegen.
Det er bra dei to elektrobedriftene ser verdien av å dele overvakningfoto, og fortelje om kva som har skjedd. Det gjer i alle fall at andre er betre rusta til å hindre tjuveri hjå seg.