La skøytebanen bli liggande på Glitre
Blir det skøytebane på Glitre også i framtida. Eller blir banen flytta til Hallingmo?
Skøytegruppa i Gol IL meiner politikarane no må bestemme seg. For på hjelpe til med dette, har idrettslaget fått konsulentfirmaet Norcosult til å vurdere saka.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rapporten er no klar. Ut over å rekne ut kva alternativa vil koste, og å liste opp lokale, og velkjende, plussar og minusar ved alternativa, så er det lite nytt.
Konklusjonen frå firmaet er at det må takast ei avgjerd. Vår oppfatning er at denne konsulentrapporten vil ha svært begrensa betydning for baneprosjektet.
Plassering av skøytebane i Gol har vore ein årelang diskusjon. Det einaste som har peika i retning ei avgjerd er at kommunestyret i 2020 avgjorde at området på Glitre skal forbli regulert til næring.
Dette kan skape problem dersom det skal søkast om spelemidlar til ein eventuell ny, og kunstfrosen, bane på området. Då må både regulering, og langsiktig avtale om grunn vera på stell.
På den andre sida er det heller ikkje problemfritt å flytte til Hallingmo. Konsulentrapporten seier kravet til eigenkapital her vil bli mellom fem og åtte millionar kroner høgare, alt etter kva for løysingar som blir vald.
Det er ingen tvil om at nærleiken til skulane gjer Hallingmo til eit attraktivt alternativ. Samtidig er området etter kvart pressa når det gjeld areal.
Ein kombinasjon av kunstfrosen skøytebane og fotball/friidrettsbane, er heller ikkje problemfri. Ulike dekke, og ikkje minst overgangen mellom ulike sesongar, vil skape utfordringar. Dette må avklarast før det blir bygd noko som helst.
Saka er vrien, men ho forsvinn ikkje. Området på Glitre er eigd av Gol kommune og Gol IL, og prosentfordelinga er 70-30. Like viktig er det at kommunen må skaffe eit likeverdig alternativ dersom banen blir flytta.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me meiner banen bør bli liggande på Glitre. Det er raskast å få til, og truleg rimelegast. Samlokalisering med skule og annan idrett kan verke forlokkande, men nokon gonger blir rekneskapen mellom fordeler og ulemper marginal.