Kvinneslit og arbeidsglede
Den tid ho kom til verda, var det einast hardhausane som levde opp. Ho var heller lita og spinkel, men utruleg seig og uthaldande. Nest eldst i ein syskenflokk på ni.
Men i arbeidet på garden frå ho var stor nok til å vera til hjelp. Mykje pass og stell av småsyskena fall på henne i oppveksten. Med same ho var konfirmert, måtte ho ut frå barndomsheimen og skaffe seg levemåte med å arbeide for andre. For det meste som budeie, både om sommaren på stølar og som vinterbudeie. Eller som innejente. Lange arbeidsdagar, tidleg oppe og seint i seng. To vintrar var ho i teneste hjå «kondisjonerte» familiar i byen. Det var reine husmorskulen, ho fekk med seg mykje om husstell og barnestell, matlaging og handarbeid og vart eit grepa gardkjerringemne.
Kjerring vart ho ikkje før ho var over tretti. Dei hadde vore kjende ei tid, og han var odelsgut. Men dei måtte vente med giftinga, for husa på garden var overfylte med folk. Kårkjerringa, ho garden var kjøpt av, kravde plass, og to sysken av odelsguten hadde gifta seg og budde der. Fyrst da noko av desse var borte frå garden, var det plass for dei som no vart sjølvefolket. Men framleis var det trongt og tungvint.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tradisjonar
I bortimot tjue år hadde ho gått i hardt arbeid med lange dagar, fyrst i barndomsheimen, så hos andre, yrkt og heilagt, utan ferie eller fritid. Og no skulle ho trå til som husmor, kone og mor. Tradisjonar bestemte kva som var kvinne- og mannsarbeid. Barnestell var sjølvsagt kvinnearbeid. På seks år fekk ho fire born. Den eldste døydde tre år gammal. Det gjekk neppe ein dag sidan utan at ho tenkte på veslejenta si.
Arbeidsdagane vart like lange som før, ute og inne dag etter dag utan opphald av noko slag. På ein tungdriven gard og lengste tida med tungvinte hus utan innlagt vatn og utan elektrisk straum. Alt husarbeid var kvinnearbeid. Ho hadde eit fast uttrykk: Det gjeld å nytte stundene. Og det gjorde ho til gagns. Innimellom alt det faste arbeidet som var same tralten dag etter dag, fann ho tid til å strikke og bøte, spinne og veva, kvar ei stund måtte utnyttast, aldri sat ho med hendene i fanget. Den fyrste lyden om morgonen var gjerne frå kaffikverna, den siste om kvelden duren frå rokken. Fyrst oppe, sist i seng. Einast helgedagar litt fri mellom matstell og krøtterstell. Dei leigde stølsbudeie, og for henne heime vart det å ta del i onnearbeidet. Svigermora var veikhelsa og til lita hjelp, og det tok si tid før ungane vart store nok til å vera til nemnande nytte i arbeidet.
For liten og for stor
Garden var for liten til at dei kunne halde seg med fast arbeidshjelp, men stor nok til å slite seg ut på. Ei plasskjerring med eit par kyr hadde på mange måtar eit lettare liv. Her var det 5-6 kyr, 20-25 geiter, nokre sauer, gris og høner som alle var avhengige av stellet frå henne. Dyrestell var kvinnearbeid. Einast hesten tok mannen ansvar for.
Aldri hadde nokon grunn til å klage på måten ho utførte arbeidet sitt. Likevel var det smått stell med rosande ord. Det vart berre tatt for gitt at ho alltid skulle vera der for alle rundt seg. Anerkjenning hadde ho bruk for ho som andre. Det var truleg derfor ho treivst så godt med dyra. Kvar gong ho kom inn fjøsdøra, møtte dei henne med mekring og raut, og her fekk ho tydelege attendemeldingar på kor dei treivst med stellet ho gav dei.
Nokre og seksti år gammal kunne ho overlate mykje arbeid til svigerdottera. Ungfolket gjekk over til kyr og maskinmjølking, og arbeidsoppgåvene endrast. Framleis tok ho del i arbeidet på garden, men viktigaste oppgåva no vart å stelle for ektemannen. Da han gjekk bort, vart mykje av pågangsmotet borte. Arbeidet hadde vore det altoppslukande heile livet. No var Ikkje noko så viktig lenger. Helsa begynte å skrante og kreftene svikta. Noko av det siste ho orka, var å strikke. Eit par spesielt fine vottar har aldri vorte tekne i bruk. Dei måtte bli liggjande som eit kjært minne.
Heldt ut
I ettertid må ein berre undrast over at ho heldt ut. Ho må ha hatt ein utruleg vilje og eit utruleg pågangsmot. Berre ein ting som geitmjølkinga, stå krokete over geiteryggen og handmjølke nokon og tjue geiter to gonger for dagen storparten av året, og det var berre ein liten del av ein arbeidsdag – at ho orka i titals år, det er heilt uskjønleg.
Ho hadde eit indre driv og ekte arbeidsglede. Glede over å få vera til nytte for andre, både menneske og dyr, sjå verknaden av innsatsen, sjå menneskeungar og dyreungar vekse opp, sjå kor nødvendig ho var for dei rundt seg.
Ho levde ut nestekjærleikens evangelium. Med instinktiv kjensle for det eigentlege, dei evige verdiane i livet. Ho sleit seg ut for sine, og var ei av desse som Inger Hagerup skriv om i diktet Ættens gang: - en navnløs og en såre ydmyk flokk som slet seg ut ved fjellet og ved fjorden, og stupte når de hadde strevet nok.
Artikkelen held fram under annonsen.