Kva med ein felles front for å kontrollere buplikt?
Hemsedal Ap set buplikt på dagsorden. Onsdag fremjar dei ein interpellasjon i kommunestyret, der dei vil at kommunen skal stramme inn buplikta. Me synest det er ein veldig god idé.
I interpellasjonen blir det vist til «snakk på bygda» om at kommunen ikkje er gode nok på å følgje opp buplikta. Me trur dette er noko dei aller fleste kommunar kan bli betre på. At kontroll av buplikt er verdt å bruke pengar og tid på, herskar det ingen tvil om. I den augneblinken det blir ei sanning at det går an å omgå buplikta ganske enkelt i ein kommune, blir det trøbbel.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bustadmarknaden har vore beintøff i Hallingdal ei tid, også i Hemsedal. Hallingdølen har tidlegare fortalt om folk som har ønska å bu i bygda, men som ikkje har hatt råd. Om prisane blir pressa høgt blant anna fordi regelverket rundt buplikt ikkje blir handheva, er det trist. Samtidig er det også lett å skjøne at ein liten kommune kan slite med å følgje opp. Å kontrollere buplikt er ikkje gjort berre ved å ta ein stikkprøve eit par gonger i året. Det er jamleg og tett oppfølging som skal til.
Slik Hemsedal Ap trekker fram, må det både ressursar og kompetanse til for å handheve regelverket på ein god måte. Me trur nok partiet kan få med seg eit tverrpolitisk miljø i bygda på å setje av pengar i budsjettet til å intensivere arbeidet, men spørsmålet er om det er nok.
Me trur Hemsedal må tenkje større. Å handheve buplikt er ei utfordring i heile Hallingdal, og noko alle kommunar burde setje meir søkelys på. Me vil lansere følgjande idé; kva med eit samarbeid der kommunane i fellesskap følgjer opp buplikt?
Ein felles front, der ei gruppe menneske med kompetanse på området kan gjere jobben som kvar enkelt kommune elles balar med på kvar si tue. Som kan sitt felt, og kan bruke nødvendig tid og jobbe kontinuerleg med kontroll.
Det finst alt mange interkommunale samarbeid. Nokre fungerer godt, andre kanskje ikkje like godt. I dette tilfellet trur me eit felles løft for å sørge for «lys i alle glas», for å bruke eit veldig forslite uttrykk, er verdt å greie ut.