Køyrer privatbil inn i kollektivtrafikken
Bileigarar kan no bli kollektivsjåførar. Det skjer ved at dei legg, til dømes, arbeidsreiser med ledige plassar inn i appen Nabogo. Andre som treng skyss på heile, eller delar, av strekninga, kan søke opp turen og melde seg som passasjerar.
Selskapet som driv kollektivtrafikken i Buskerud, Brakar, har inngått ei utvida avtale med selskapet Nabogo, om å innføre ordna samkøyring i fleire område, mellom anna Hallingdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Nabogo sel app-løysinga til mellom anna fylke, kommunar, kollektivselskap og andre som vil utvikle kollektivtrafikken. Fire land nyttar løysinga, som har frakta meir enn 15 millionar reisande. Drammen har hatt 5000 turar sidan 2023.
I Hallingdal og Hemsedal vil appen frå januar tilby ulike knutepunkt for henting. Det blir lagt vekt på at samkøyringa kan kombinerast med annan kollektivtransport, og med periodebilettane, som gjeld her.
Prissystemet er laga slik at sjåføren får 25 kroner pr. passasjer for ein tur på 20 kilometer. Beløpet kan synast lite, men ei slik arbeidsreise, med to passasjerar i bilen tur-retur, vil gje 2000 kroner i månaden.
Ordninga er utan tvil interessant for Hallingdal. Dei siste åra har det vorte stadig vanskelegare å forsvare bussavgangar til og frå ein del utkantar. Få passasjerar gjer at behovet for støtte overstig det politikarane ser som rimeleg.
Økonomisk er dette ei ryddig løysing. Prisane er fastsett, passasjerane betaler for seg og bileigaren får betalt. Ordninga gjer det lettare for dei som ikkje disponerer bil, å spørje etter skyss.
Brakar ser for seg at sesongarbeidarar ved ski- og turistanlegg i Hallingdal kan vera ei aktuell målgruppe. Me trur det vil syne seg at også andre tek i bruk ordninga. Ikkje alle ynskjer å ha bil, om dei ikkje må. Fleire vil også ha miljøomsyn i tankane når dei tek fram appen.