Kabelkutting som symbolpolitikk
Straumprisen er i galopp att, og noko må gjerast. Frå leiande hald i Arbeiderpartiet blir «noko» til ein tanke om ikkje å erstatte den eine eksportkabelen til Danmark når denne går ut på dato.
Det er 17 kablar som utvekslar kraft mellom Norge og sju land. Alle skjønar at dette ikkje handlar om korvidt me har desse kablane eller ikkje. Heller ikkje om det blir to færre til Danmark. Det handlar om korleis me styrer, eller ikkje styrer, bruken av kablane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei to siste sjøkablane vart forøvrig vedtekne av Solberg-regjeringa i 2015. Det er difor ikkje til å undrast over at Høgre sit stille i båten, når kraftpris blir tema.
Ingen av dei to tradisjonelle store partia har til no synt vilje til å ta styringa over krafta. Det nystore Frp har også vore med på å legge til rette for auka eksport. Partiet angrar no på det siste vedtaket.
Det kan verke edelt å angre seg. Men kanskje ikkje på stortingsnivå. Der bør ein setje seg såpass inn i det ein er med på å vedta, at ein ser konsekvensane både i kort og lang framtid.
Kraftblinket me ser no, aukar, som vanleg, interessa for straumprisen. Om engasjementet held seg fram til valet neste år er ikkje sikkert, men det kan skje.
Skal me spå, vil ein valkamp om kraft, mellom Høgre og Arbeiderpartiet, handle om nokre øre til og frå i straumstøtta til hushaldningane. Ikkje om innskrenkingar i krafthandelen med andre land.
Frp vil mest truleg foreslå ein makspris, og stå seg godt på det. Folk oppfattar det no ein gong som rimeleg at staten ser til at me som eig kraftverka, har ein forutsigbar, og fornuftig, pris på straum.
Næringslivet, har ikkje straumstøtte i dag. Bedriftene vil difor helse ein makspris velkomen, dersom den kjem. Det same vil forbrukarane. Auka staumkostnadar for innanlands produksjon er trass alt ein av drivarene bak dyrtida.