Julestemning

Av Sigridur Hyldetoft Teppen

Julaftan er forbi for denne gong, og fyrste juledag ligg framfor oss. Eg tek godt på meg og går ut på tur med bikkja. Me går berre langsmed Kinnebergjordet i nedre del av Gol sentrum, men du verda, for eit lys ein kan sjå herifrå! Himmelen mot vest er høg og skimrar i rosa, grått og blått, og berre Ein bil er å sjå på vegen, ellers er det heilt stille. Nokre fuglar har samla seg på himmelen og flyg i svarte formasjonar over jordet. STEMNING! Ein gammal julesang kling inni meg, og eg er så takksam for at mor mi tok seg tid og lærte meg å sjå og legge merke til naturen og lyset rundt meg. Eg hentar energi og krefter ut av denne opplevinga, dette er gull! Ta deg ein tur ut du med, og legg godt merke til omgjevnadene dine!