Skribenten tek eitt oppgjer med ei uroleg verd no i førjulstida, før han, i teksten, vender heim til Vats og Daniel Kvammen sin førjulskonsert på ungdomshuset Nordvang.

Jul i nisseheimen

Hei hå, nå er det jul igjen! I vår nordiske tradisjon består jula av ei tredelt tid, advent, julehøgtid og romjul. Etter som åra går, begynner «oppvarminga» til jula tidlegare og tidlegare.

Alt sist i oktober ligg den i startgropa med julemusikk og juleprat i mediekanalane, samt juletilbod innan handel og vandel kring i nisseheimen. Julaftan er den rette begynnelsen på jula, men når så langt lir, er mange alt lei av jula. Kanskje 25. desember, fyrste juledag, heller skulle heite siste juledag.

Hei hå, nå er det jul igjen, - nå kommer nissen frem. Ja, slik heiter det i Per Asplin sin barnemusikal, Putti Plutti Plott, frå 1969, og jula har vel til alle tider kalla fram noko av barnet i oss alle, gamle som unge. I mi verd, nisseheimen, er nissane der heile tida. Ikkje den norske nissen, den med julegraut på låven så god og søt. Nei, alle vi andre som overfor Gud er som nissar å rekna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fandenivolsk

Den norske nissen og heller ikkje nissar andre stader i verda, er lik ein snill gamal mann som deler ut gåver. Snarare tvert imot. Han kan vera ein fandenivoldsk fyr som lagar mykje ugagn. Rampenissar kallar vi desse, og får dei ikkje gåvene slik dei vil, lagar dei mykje støy og spetakkel kring i den verdsvide nisseheimen.

Dei aller fleste av oss har møtt den amerikanske julenissen. Den som vart skapt av Coca-Cola i 1931. Han med den raude drakta og svart belte. På hans julegåveverkstad «over there», vert det i dag produsert uhorvelege mengder av våpen og krigsmateriell. Dette «auser» han rikeleg ut som gåver til Israel-folket (jødane) og andre trengande.

Ikkje stugureint

I mi oppveksttid var det ikkje heilt stugureint å gi bort våpen som leiketøy. Ja kruttlapp-pistolar etter mønster lik pistolane den amerikanske cowboyen brukte, vart godtatt, men det er ikkje akkurat den type våpen som kjem til landet der juleevangeliet oppstod for over to tusen år sidan.

FRED er bodskapen og kjernen i den kristne juletradisjonen. Fred på jord, lyder i julesongane våre og englehelsinga til gjetarane ute på Betlehemsmarkene. Sentral er fredsfyrsten som vart fødd julenatta.

Ufred

Men, dessverre, det er ikkje fred som pregar nyheitsbiletet i denne « søte juletid». Dronar, rakettar og bomber turnerer stjernehimmelen over dei bibelske strender. Avstanden mellom Betlehem og Gaza er lik avstanden Oslo – Tønsberg.

Songartisten og tekstforfattaren, Daniel Kvammen frå Geilo, er også på god veg mot stjernene. I år hadde Herborg Kråkevik tinga han til å skriva ein julesong til juleheftet hennar, Juleroser. Songen vart heitande «Frosne hjarte». Eg siterer eit par liner for dykk.

« Englar dei syng så skjønt, men her på jorda spøkjer allslags skrømt».

Vi hadde glede av å ha julekonsert med Daniel på ungdomshuset Nordvang her i Vats, - to fulle hus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lat ikkje allslags skrømt øydeleggja jula! God julefred!