Stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap), stortingskandidat Solveig Vestenfor (Ap) og redaktør Embrik Luksengard i Hallingdølen frå debatten om Ringeriksbanen denne månaden. Arkivfoto

Ikkje lett å forstå

Av Olav Randen

Det er ikkje lett å forstå kvifor jernbane og veg mellom Hønefoss og Sandvika er ei hovudsak både for lokale politikarar og for Hallingdølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ikkje lett å forstå at dette er viktigare enn å få toga i rute. Eller for folk andre stader i landet at Norge skal bruke 10.000 kroner per innbyggjar til dette, per sogning og finnmarking. Eller for valdrisar og numedølar at Hallingdal skal favoriserast. Me har vel så gode vegar og jernbane med fire-fem daglege tog og like mange togstopp. Eller for vest- og nordlendingar med skredfarlege skule- og arbeidsveg. Kostnadsoverslaget er truleg også altfor lågt. Den langt stuttare Follobanen til dømes, utan motorveg attmed, skulle koste 26,8 milliardar og har runda 40, 50 % meir.

Det er ikkje lett å forstå at prosjektet er ferdig utgreidd. Får du byggjeløyve til ein garasje og ventar tre år, må ny søknad til. Planen for Ringeriksbanen vart behandla nesten fem år sidan. Etterpå har oppvarminga skote fart, flaum herja, og Norge slutta seg til internasjonale avtalar om 30 % urørt natur og 55 % mindre klimautslepp i 2030. Tilslutnad inneber at store utslepp ein stad må kompenserast med reduksjon andre stader og nedbygd natur med freding av natur. Vil staten unngå eit nytt Fosen, må dette ordnast føreåt.

Det er råd å skjøne at Makta i Oslo ønskjer ein ny forstad. Men at byvekst i Oslo skal vere ei hovudsak i Hallingdal? Det er råd å skjøne at entreprenørar i Ringerike vil ha oppdrag. Men at det skal vege tungt at Nye Veier AS har brukt pengar føreåt? Det kan ikkje vere slik i eit demokrati at pengefolk kan kjøpe seg resultat. Hallingar som kan historie, veit noko om det. Før den tredje store kraftutbygginga, Uste-Nes, fekk vakne politikarar gjennom at ingen ting skulle skje før saka var sluttbehandla. Ulikt dei to første gav det Hallingdal ein god forhandlingsposisjon.

Men tog fører til mindre klimautslepp enn fly? Sant nok, men det er NO utslepp gjer mest skade. I byggjetida på ti-tolv år vil utsleppa auke, og det går tiår etterpå før netto innsparing. Når den tid kjem, er det meste av verdas fossile olje oppbrukt, og truleg har me til dess redusert reising, med digitale framfor fysiske møte, idrett og konsertar på skjerm og meir lokal vareproduksjon, lågare forbruk og færre kortvarige turistreiser.

Vegen attende frå ein kunstig varm klode tek hundretals år. Ei mange titals meter brei økologisk dødsone gjennom Ringerike er eit irreversibelt naturinngrep. For å kome ut av klimauføret må me difor unngå storinngrep no. Dette tiåret avgjer om det blir leveleg på kloden i framtida, seier António Guterres i FN.

Mange fagrapportar konkluderer med negativ samfunnsnytte. Hallingdølen burde ha presentert rapportane, spurt fagfolk og politikarar om utsleppa ved bygging, kva som blir øydelagt av natur, kva som skal fredast i staden og kva for andre klimautslepp som skal strypast for å oppfylle internasjonale plikter. Det hadde vore balansert informasjon.

Ein del politikarar frå vår dal og vårt fylke synest tru at til meir dei pøser på, til betre kjem neste val til å gå for dei. Det kan bli annleis, at klimautslepp, naturrasering, kostnader og mangel på heilskapstenking vil hefte ved Helleland, Vestenfor, Gharakhani og dei frå Frp – og Hallingdølen.