Heia Blomster-Ole!
Roser er raude, fiolar er blå. Butikkar legg ned, men Blomster-Ole driv på!
Om du har tatt turen innom blomsterbutikken i Gol sentrum, kan du ikkje ha unngått å møte drivaren sjølv bak disken. Ole Sverre Utengen, kalla Blomster-Ole, er alltid på plass. Ein lokal næringsaktør, som er servicearbeidar til fingerspissane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Timane bak disken og i butikklokala er éin ting. Men blomsterbutikken står også for leveringar, og då set Utengen seg sjølv bak rattet. «Det er moro å køyre bil. Då høyrer eg på P4 og reiser rundt og leverer blomar på døra til folk», fortel han til Hallingdølen.
Utengen trivst med det han driv med. Men det er ei kjensgjerning at det har blitt tøffare og tøffare å drive blomsterbutikk dei seinare åra. Me har sett fleire aktørar vore nøydd til å gi seg, no sist venninnene Birgit Teigen Skaret og Gry Merete Søndrål ved Fjellrosa i Ål. Etter 13 år må dei kaste inn handkleet.
Årsaka er samansett, men ein stor del handlar om konkurransen frå matvarebutikkane. Den har tvinga mange til å hekte kroken på blomsterdøra.
Går du inn i ein matbutikk, blir du stort sett møtt av eit utval blomster. Og sjølvsagt er det lettvint, når du berre skal nappe med deg ein impulsbukett for å helgepynte ekstra heime, eller du brått finn din indre Don Juan og bestemmer deg for å overraske ein betre halvdel.
Men til dei større anledningane heldt ikkje det. Bryllaup, gravferd, store bursdagar, ei utmerking på jobben. Då trengst ekte handverk, utført av ekte handverkarar. Til slikt heldt ikkje ein slapp kvast frå butikken.
Det er etter kvart ikkje mange blomsterbutikkar att i Hallingdal. Men dei som framleis er der, blir meir og meir viktige. Kanskje skal me tenkje litt meir på det, når me sveipar forbi butikklokala deira? Legge litt ekstra tid og pengar i potten, og handle lokalt framfor å alltid velje den enklaste og billigaste løysinga?
I ein marknad med stadig aukande konkurranse og tøffe tider, må me ta vare på aktørar som står utanfor kjedene, som står på eigne bein og satsar med all eigen risiko. Det er desse som gjer lokalsamfunnet vårt og handelen aller mest levande.
Slike som Blomster-Ole.