Feil å nekte flagging - heilt rett å t(h)one flagg
Det er inga skam å snu. Nokre gonger er faktisk vendereis det einaste rette å gjere.
Tysdag vart det kjent at Thon Hotels hadde sagt nei til bruk av pride-flagg på alle sine hotell. «Thon Hotels har ikkje heist regnbogeflagg på flaggstengene våre fordi me ynskjer å vere nøytrale, og at inkludering og mangfald skal famne alle», sa konserndirektør Morthen Thorvaldsen til VG. Saka skapte naturleg nok kraftige reaksjonar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det nærmar seg eitt år sidan det djupt tragiske terrorangrepet i Oslo sentrum. Natt til 25. juni i fjor sommar losna Zaniar Matapour skot utanfor Per på Hjørnet og London pub. To personar vart drepne, 24 skadd. Som følgje av hendinga vart alle pride-arrangement avlyst, og ei vond kjensle av uvisse og redsel råka heile landet. Det som skulle vere ein fest i kjærleikens teikn, vart i staden dagar prega av frykt, angst og terror.
Dagen etter hendinga oppstod det ein spontan Pride-parade i hovudstaden, der folk blant anna ropte «kampen fortsetter» opp att og opp att.
Og det er nettopp det den gjer. Hendinga i Oslo var den kraftigaste påminninga me kan få om at det framleis er behov for både pride og alle andre arrangement og tiltak som kan fremje mangfald, samhald, toleranse og inkludering.
Terroren i fjor gjorde at mange kjente seg utrygge. Det siste året har kanskje retta opp att noko - men årsdagen for angrepet kjem som ein tøff milepæl for mange, sjølvsagt særleg i det skeive miljøet.
Derfor kom nyheita om Thon-kjedas flaggnekt som ei skuffande sak, og det er lett å skjøne reaksjonane som hagla i etterkant. Etter vår meining er ikkje dette tida for å nekte regnbogas fargar å flagre og skine så høgt og ofte som mogleg. Kanskje betyr det tvert imot meir enn nokon gong før.
Thon Hotels brukte heldigvis ikkje lang tid på å snu. Under eit døgn etter at meldinga om flaggnekten kom, dukka det opp ei pressemelding der dei skriv at dei endrar avgjerda og likevel heisar flagget. «Når engasjerte medarbeidarar og vener oppfattar at me tek avstand frå verdiane me står for, har me undervurdert krafta og signaleffekten av å ikkje heise pride-flagget mens me feirar mangfaldet», står det i meldinga.
Dette skal Thon ha ros for. Det er lov å gjere feil. Det er også veldig lov å innrømme eit feilsteg, og rette det opp att. Og kanskje det aller mest positive å ta med seg frå flaggsaka: Folket reiste seg i flokk og sa at dette ikkje er greitt. Det er trass alt vakkert å sjå.