Eit velplassert lokalt renteopprør
Norges Bank sette torsdag opp styringsrenta til 4,25 prosent. Sparebank 1 Hallingdal Valdres vel å ikkje ta privatkundane sine med på denne renteauken. Banken har tidlegare lojalt følgd rentebanen Norges Bank har lagt opp til.
Opprøret banksjef Knut Oscar Fleten no frontar er velplassert. Det er også eit opprør dei andre lokale bankane må forhalde seg til, og mest truleg kopiere, for ikkje å miste andlet. Dette handlar trass alt også om PR.
Artikkelen held fram under annonsen.
Utspelet kjem dessutan i rett tid. Auken sentralbanken no har kome med, vil slå ut på kontoane til folk ved juletider. Då blir truleg også den neste sentrale renteauken gjort kjent, og bustadlån på oppunder sekstalet, vil utan tvil dempe julestemninga.
Store tal ligg til grunn for norske bustads- og hyttelån i dag. Lånesummane er mykje større no, enn sist det var høge renter. Dermed blir rentene også til store innhogg på lønnskontoane. Fleire kommentatorar omtalar det som skjer no, som den verkelege stresstesten for hushaldningane.
Fredinga som Sparebank 1 innfører her i distriktet, omfattar ikkje næringslivet. Men den kjem heile lokaløkonomien til gode. Pengar som blir frigjort, gir hushaldningane armslag og tryggheit, til framleis å utfalde seg økonomisk. Ikkje minst er dette eit lite handslag til dei som allereie slit.
Å halde att på renta, er også å bidra til å halde att på prisstiginga. Heile den vestlege verda har opplevd kraftig prisstigning etter invasjonen i Ukraina. Og krigen har vore forklaringa på auka prisar.
No syner det seg at dette ikkje er heilt rett. I juni kom det tal frå Det internasjonale pengefondet (IMF), som berekna at 45 prosent av inflasjonen i Europa dei siste to åra, kan forklarast med auka profitt for næringslivet.
Auka profitt kan sjølvsagt vera freistande i ei tid då det utviklar seg ei allmenn oppfatning at alt blir, og skal bli, dyrare. Når prisstigning blir ei naturlov, er det sjølvsagt freistande å henge seg på og ta ut meir frå kundane. Dette gjeld også i Norge.
Grepet frå den lokale bankleiinga er i denne samanhengen ei minimal, men rosverdig, brikke. Det spennande er sjølvsagt om kuren er smittsam.
Me tviler på det. Dei tunge bankane i Norge har hatt avsindig gode marginar dei siste åra. Dei møter beinharde krav om profitt når generalforsamlingane blir sett, og dei forsvarar glatt, dyktig og smilande kvifor kundane må betale det dei forlanger.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den lokale banksjefen er då også nøktern med kva han kan oppnå. Han ynskjer ikkje å sabotere politikken til Norges Bank, men legg vekt på behova han ser i lokalt nærings- og samfunnsliv. Det er prisverdig. Målet er både å gi kundane tid til å tilpasse seg eit høgare rentenivå, og å prøve å unngå å stramme unødig hardt til.