Eit budsjett for kollektiv og elevane sitt beste

Av Edvin Søvik (Ap), fylkesråd for finans og administrasjon i Viken fylkeskommune

Det er urolege tider i verda, og det påverkar oss alle. Den økonomiske situasjonen er kraftig endra på eit år. Auka energikostnadar og prisauke på trevarer, asfalt og betong betyr at det blir dyrare å drifte kollektivtransporten, vedlikehalde og bygge vegar, gang- og sykkelvegar og vidaregåande skular. I tillegg merker vi framleis ringverknadane av pandemien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Difor er trygg økonomisk styring berebjelken i fylkesrådet sitt forslag til budsjett for Viken fylkeskommune.

Våre viktigaste prioriteringar i budsjettet er å gi alle elevar i vidaregåande opplæring eit godt tilbod, og å oppretthalde kollektivtilbodet.

Kollektivtransport i Viken styrkast med 434 millionar kroner i 2023. Det gjer at vi unngår kutt og held oppe eit attraktivt kollektivtilbod, i ein periode med auka kostnader og reduserte billettinntekter på grunn av pandemien. Mellom anna vil vi sette av 21 millionar kroner til utprøving av fleksible billettløysingar.

Folkeauke gjer at fylkeskommunen framleis vil ha store investeringsbehov i åra som kjem. Det blir 2200 fleire elevar i vidaregåande skule fram til 2026 i området som i dag heiter Viken. Vi skal bygge ut fleire skuleplassar og sørge for at våre skulebygg vert halde ved like. Neste år skal vi etablere 300 nye elevplassar, og vi har lagt inn 1,2 milliardar kroner til nye elevplassar og rehabilitering av skulebygg i 2023.

Samarbeid mellom skule og arbeidsliv og læreplassgaranti er høgt prioritert. Vi set av 900 millionar kroner til opplæring i bedrift. Elevane skal ha eit godt liv på skulen. Vi styrker satsinga på helsefremjande skular, og på gratis skulemåltid og sunne og berekraftige kantiner. Neste år vil nesten halvparten av elevane ha eit tilbod om gratis skulemåltid, og over halvparten av skulane.

Vi vidareutviklar vår tannhelseteneste, og har lagt inn 19 millionar kroner til nye og betre lokale for tannklinikken på Gol.

Klimagassutslepp skal reduserast med 80 prosent innan 2030, og vi skal nå målet om ein utsleppsfri kollektivtransport. Fylkeskommunens eigen verksemd skal vere fossilfri innan 2028. Difor set vi av 10 millionar kroner ekstra til investeringar i solcelleanlegg på eigne bygg i 2023.

Dette budsjettet blir det siste som blir lagt fram for Viken fylkeskommune. Fylkesrådet har lagt opp til eit ansvarleg budsjett, som vil bidra til ein god start for dei nye fylkeskommunane Buskerud, Akershus og Østfold frå 1. januar 2024.

Artikkelen held fram under annonsen.