Store mannskap vart sett inn i redningsaksjonen for å prøve redde den sakna skikøyraren. Det lykkast dei med, men mannen omkom dessverre i ulykka.

Ei brutal påminning om kor gale det kan gå

Fredag kravde buldrande snømassar i Hemsedal nok eit ungt menneskeliv. Det er omtrent så brutalt som det berre kan få blitt: Tre kameratar i 20-åra på tur ned ei fjellside. Eit plutseleg utløyst skred, som snur opp ned på verda i løpet av nokre få, fattige sekund.

To av kameratane vart gravne ned i snøen. Den eine kom seg opp, den andre ikkje. Så vart nødetatane varsla. Ein stor redningsaksjon vart sett i verk for å prøve berge livet til han som framleis låg under skredet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Aksjonen lykkast i den forstand at han vart funnen. Frivillige, hundar, politi og andre gjorde sitt ytste, og viser kor viktig det er å ha godt trent mannskap når ulykka først er ute. All mogleg honnør til dei som bidrog. Dessverre stod livet likevel ikkje til å redde, same kveld vart mannen i 20-åra bekrefta omkomen.

Med jamne mellomrom krev fjellet sine offer. Ordførar Pål Rørby, som sjølv kjenner fjellsidene i Hemsedal som si eiga lomme, sa det ganske greitt: Dei som er van med å ferdast ute på snø, veit at det alltid finst ein risiko for skred. Det er heller ikkje alltid nokon fasit på kor dei råkar.

Ifølgje NVE omkom åtte personar i snøskred i Norge vinteren 2022/2023. I løpet av dei 15 siste åra har 104 personar omkome. Det gir eit snitt på omtrent sju kvart einaste år.

Ifølgje NVE er skredproblemet «vedvarande svakt lag» grunnen til dei fleste dødsulykkene. Mange erfarne skikøyrarar er gode på å lese snø og forhold, og kan mykje om underlaget. Likevel høyrer me stadig om skader eller liv som går tapt. Skredobservatør Jørgen Aamodt i Hemsedal ber folk vere nøye når dei reiser til fjells, og sjekke området dei har tenkt å gå i.

Det finst mange plassar å søke informasjon. Nettstaden Varsom er alltid oppdatert, både med farevarsel, korleis forholda er akkurat no, og rapporterte observasjonar av snø og ulike hendingar. Aamodt åtvarar med å si at forholda kan variere veldig frå dag til dag. Han anbefaler også å sjekke Snøskredskolen, som ligg på Varsom. Her er det mogleg å få ein kjapp introduksjon til korleis ein bør både tenkje og oppføre seg i fjellet.

Det er altså dette det handlar om. Skaffe seg kunnskap, halde seg oppdatert. Vere nøye med å sjekke forholda i området der du skal køyre. Og for alle del, ikkje bli komfortabel. Ikkje tru at berre fordi du har køyrt trygt i eit område mange gonger før, så er det greitt denne gongen også.

Skred er brutalt. Me kan ikkje anna enn å sende all omsorg og varme tankar til dei pårørande, dei som opplevde sjølve marerittet fredag. Og håpe så hardt me kan at det ikkje skjer igjen.