Den enkle og ekle sanninga om riksveg 7
Fjellovergangane vestover frå Hallingdal har meir trafikk enn Filefjell og Haukelifjell til saman. All trafikken til og frå dei tre fjellovergangane vestover frå Hallingdal nyttar riksveg 7 sør for Gol.
Hallingdal er den enklaste ruta mellom aust og vest. At vegen gjennom Valdres mot Filefjell har blitt rusta opp for millionar, rokkar ikkje ved dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ruta gjennom Hallingdal er mykje kortare, og meir logisk. Trafikantane vel difor denne, trass i at vegstandarden er lågare.
Vegen rotnar på rot. Manglande investeringar er berre ei side av dette. Svært mykje av trafikken er tungtrafikk, som slit ned gamal veg raskare ein vedlikehaldet held fylgje.
Ei svensk undersøking for nokre år sidan synte at personbiltrafikken har liten betydning for vegslitasjen. Dette er relativt logisk. Det er ein forskjell når 50 tonn vogntog forserer ei dump, og stemplar vekta frå seks akslar ned i sliten veggrunn.
Statsbudsjettet for neste år stadfestar mangelen på prioritering av Rv7. Dei 800 millionane som er sett opp i Nasjonal Tansportplan er ikkje med som løyving i framlegget til statsbudsjett. Pengane skulle nyttast til utbygginga oppover frå Ørgenvika.
Dette kan Hallingdal ikkje godta. Regionsrådet krev å få møte i høyring på Stortinget. Det er eit krav Hallingdølen sluttar seg til.
Me kan heller ikkje godta at eit femtital menneske skal miste livet på Hallingdalsvegen dei neste 20 åra. Arbeidet med betre sikring av trafikken på og langs vegen, må koma på dagsorden att.
Trafikktryggleik Hallingdal vart avvikla i 2012. Om det blir kopiert er ikkje viktig. Det som betyr noko er at samarbeidsånda som låg til grunn for prosjektet blir vekka til live att.
På kort sikt er det einaste positive me kan sjå i denne saka knytt til trafikksikkerheitsprosjektet som vart avslutta for vel ti år sidan. Noko tilsvarande kan startast opp att i morgon.