Betring for pendlarane er god distriktspolitikk

Regjeringa aukar støtta til pendlarane meir enn forventa prisvekst neste år. Det kjem på toppen av at fleire, dei siste tre åra, har fått høve til å få skattefrådrag for pendling mellom arbeid og heimstad

Grensa for avstanden mellom arbeid og heim, tur-retur, vart i 2023 senka frå 67 til 37 kilometer. Hallingdal er ein felles arbeidsmarknad, og med korte avstandar mellom bygdene, fekk mange fleire då rett på reisefrådrag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste år blir kilometersatsen for køyring, auka med fire prosent. Øvre grense for pendlarutgifter aukar med nesten 4000 kroner opp til 100.880 kroner.

Botnbeløpet for å få dette frådraget var i 2021 23.900 kroner. Neste år gjeld ordninga alle som har meir enn 15.250 kroner i slike utgifter.

Les også
Fylkeskommunen er blakk - kva får dei i statsbudsjettet? – Utfordringane er framleis like store

I tillegg vil Ap/Sp regjeringa fjerne tidsavgrensinga på to år, for skattefrådrag til pendlarar, som bur på brakkerigg. Solberg-regjeringa innførte tidsavgrensinga for denne gruppa pendlarar i 2018.

All den tid mange lever eit heilt arbeidsliv på brakkerigg, seier det seg sjølv at innstramminga var utan meining, og på grensa til ganske umusikalsk

Les også
Kommunane får meir pengar: – Er det ikkje fantastisk?

Dagens regjering betra vilkåra for pendlarar, både for skatteåret 2023 og 2024. Skattefrådraget for å bu på brakke, vart auka frå 177 kroner i døgnet, til 400 kroner, ved desse endringane.

Pendling er viktig i Bygde-Norge. Skal me ha spreidd busetting, og eit desentralisert arbeids- og samfunnsliv, er det ingen veg utanom. Endringane, som no blir gjort, er distriktspolitikk på sitt mest opplagte.

Les også
Ingenting til Vegpakke Hallingdal, ingenting til Ringeriksbanen: – Eg hadde ei forventning om at det skulle kome noko

I åra då den kalde krigen var på sitt kaldaste, var det stor semje om at det skal bu folk også i utkantane. Ikkje minst gjaldt dette heile den langstrekte kystlina nordover.

Krigen i Europa, har utan tvil styrka denne oppfatninga. Fornuftige vilkår for pendling, er ein av føresetnadane for å oppnå målet om varig busetting også i utkantane.

Artikkelen held fram under annonsen.