Vil du bli teatersjef?
Buskeruds eige regionsteater søkjer ny sjef.
Brageteatret skal tilsetje ny teatersjef frå 2013.
Regionsteatret for fylket vårt er eigd av Drammen kommune og Buskerud fylkeskommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hausten 2010 vedtok eigarane nye vedtekter, blant anna at posisjonen som teatersjef skal vera ei åremålsstilling. Teatersjefjobben er derfor lyst ut, og jobben tek til 1. januar 2013.
Brageteatret er eit profesjonelt teater som produserer førestellingar med barne- og ungdomsperspektiv. Det betyr at dei er spesielt opptekne av å lytte til kva barn og unge har på hjarta, og bidra til at dei blir høyrt.
Teatret set opp framsyningar i eigne lokale på Union Scene i Drammen, men reiser også på turne til grunnskulane i Buskerud gjennom Den kulturelle skolesekker, samt spelar på andre scener rundt om i landet.
Noverande teatersjef er Terje Hartviksen.