Fjompenissen (Madeleine Brekke Everett) (f.v.), Knut (Vilde Hefte) og Kulla (Elida Stein Bergaplass) har ei tung bør på skuldrene. Skal det bli jul må dei rekkje fram til Nordpolen i tide til å vekkje Julenissen.

Vekte julenissen med spel og dans

– Eg lovar at dette er eit stykke som skal bli spelt i generasjonar framover.

Det var ein kulturskulerektor med sjølvtillit som kunne ønskje velkomen til urpremiere i Gol samfunnshus laurdag. Allereie før dei yngste dansarane hadde dansa ein einaste piruett i opningsnummeret, kunne Gunhild Gåsvik garantere at «Knut og Fjompenissen» skulle bli ein tradisjon.

Det skulle vise seg at ho hadde grunn til å vere kry.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Moro og rørande

«Knut og Fjompenissen» er lokalt produsert i alle ledd. Teksten er skriven av Målfrid Breivik og musikken er komponert av Arild Jensen. Under framsyninga var det likevel barna som hadde hovudrollene, både som musikarar i orkesteret, dansarar og skodespelarar.

Urpremieren fylte Gol samfunnshus til randa. Kanskje ikkje så rart. På scena stod kring 130 elevar frå Gol kulturskule klare til å vise fram alt dei har øvd på til foreldre, besteforeldre, naboar og slekt.

– Det var ei mor som sa at stykket både var morosamt og rørande. Då har me treft innertiar, sa manusforfattar Målfrid Breivik etter framsyninga.

Unge dansarar sette standarden allereie i opningsnummeret.
Unge dansarar sette standarden allereie i opningsnummeret.
Peer Grynt (Arne Borge Hesla), Knut (Vilde Hefte), Brumveig (Silje Brenna Sørensen), Kulla (Elida Stein Bergaplass), Diakonissen (Liv Karin Haugen) og Fjompenissen (Madeleine Brekke Everett).
Peer Grynt (Arne Borge Hesla), Knut (Vilde Hefte), Brumveig (Silje Brenna Sørensen), Kulla (Elida Stein Bergaplass), Diakonissen (Liv Karin Haugen) og Fjompenissen (Madeleine Brekke Everett).
Når du ser pingvinar danse, veit du at du ikkje har kome til Nordpolen.
Når du ser pingvinar danse, veit du at du ikkje har kome til Nordpolen.
Den raude Fjompenissen (Madeleine Brekke Everett), Kulla (Elida Stein Bergaplass), Knut (Vilde Hefte), Brumveig (Silje Brenna Sørensen), Peer Grynt (Arne Borge Hesla) og diakonissen Nanna (Liv Karin Haugen).

Knut og Fjompenissen rakk fram i tide og fekk vekt opp julenissen. Den lukkelege slutten vart markert med eit mektig finalenummer med alle kulturskuleelevane på scena.
Knut og Fjompenissen rakk fram i tide og fekk vekt opp julenissen. Den lukkelege slutten vart markert med eit mektig finalenummer med alle kulturskuleelevane på scena.

Vegen er målet

Historia handlar om ein gut som heiter Knut. Han ser ut som ein vanleg gut, men han får eit heilt spesielt oppdrag då Fjompenissen ein dag dukkar opp og fortel at sjølvaste julenissen har forsove seg. All nissemagi vil slokne dersom ikkje Knut blir med til Nordpolen for å vekkje han. Dei reiser med eit apparat som kan flytte dei rundt på jorda ved hjelp av tankeoverføring. Reisa går sjølvsagt ikkje heilt etter planen. Fjompenissen er ein forvirra nisse som ikkje klarar å tenkje heilt klart. Han sørgjer for at det blir avstikkarar både til Sørpolen og Polen, før dei til slutt endar opp der dei skal, på Nordpolen.

For publikum opna omvegen for mange flotte opptrinn frå scena, både i form av dansenummer og musikkinnslag frå både skulekorps, songarar og små spelemenn på hardingfele.

– Surra i bakhovudet

Stykket er fullt av alle slags nissar med fiffige ordspel. I tillegg til Fjompenissen, møter me både ein diakonisse og to skilsnissar.

– Når ideen først hadde fått surra i bakhovudet ei stund, rann manuset ned på papiret, seier Breivik. Ho har ikkje hatt god tid. Heile stykket har blitt laga i løpet av det siste halvåret.

Ho fortel at manuset er bygd opp slik at det er lett å tilpasse. Til neste år kan det bli endringar både på rollelista, i dansenummera og musikkinnslaga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Stykket er laga slik at det kan tilpassast nye generasjonar kulturskuleelevar, seier Breivik.