Det er ikkje nok å «bere ved og henge opp fuggelband» for å lage jul. Sølvi Vissebråten (t.h.) skaper ein litt trykka julestemning i heimen når ho supplerer Prøysen si «Julekveldsvise» med alt mor har gjort før jul.

Trimma lattermusklane på Sollys

Sketsjar, stand up, dans, songar og absurd kyllingkomikk – ungdomslaget serverte ein godtepose av gode revynummer.

((Qid=3E8DDDB4))

Ungdomslaget i Nes kombinerer velskrivne sketsjar med godt skodespel og songar med artig koreografi. Sollysrevyen følgde oppskrifta – dei laga ein vellukka revy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Puss opp

Vedlikehald og oppussing var eit gjennomgangstema og ein raud tråd. Ungdomshuset Sollys vart reist i 1928 og treng både golvsliping innvendig og eit strøk måling ute.

Gardintrapper og målingsspann var sentralt i scenografien. Det var ikkje eit uttrykk for rot, men snarare ei eksplisitt påminning til nesningane om å engasjere seg i ungdomshuset.

Velfrisert

Det er trøyttande å sitje i salen og når revyartistane seigpiner publikum med sketsjar på tomgang. Det høyrer med at amatørrevyar er litt ujamne. Hovudinntrykket er likevel at Sollysrevyen var velfrisert. Ungdomslaget serverte sketsjar med brodd.

Målfrid Breivik som Elvis og Chrisander Ålien som Michael Jackson.
Målfrid Breivik som Elvis og Chrisander Ålien som Michael Jackson.
Sølvi Vissebråten sette ord på krysspresset moderne kvinner opplever i sketsjen «Ni liv».
Sølvi Vissebråten sette ord på krysspresset moderne kvinner opplever i sketsjen «Ni liv».
Målfrid Breivik som kylling.
Målfrid Breivik som kylling.
«La Sollys leve». F.v.: Sølvi Vissebråten, Sigrid Sagabråten, Geir Liodden og Målfrid Breivik.
«La Sollys leve». F.v.: Sølvi Vissebråten, Sigrid Sagabråten, Geir Liodden og Målfrid Breivik.
Sollysrevyen samla nesten full sal premierekvelden. Publikum kvitterte med ståande applaus.
Sollysrevyen samla nesten full sal premierekvelden. Publikum kvitterte med ståande applaus.
Målfrid Breivik i ei absurd rolle som kylling-DJ.
Målfrid Breivik i ei absurd rolle som kylling-DJ.
Målfrid Breivik som amerikansk «herlighetspredikant» blir nølande simultanoversatt til halling av Karin Kalnes og Geir Liodden.
Målfrid Breivik som amerikansk «herlighetspredikant» blir nølande simultanoversatt til halling av Karin Kalnes og Geir Liodden.

På scenen i Sollys stod ti skodespelarar i aldersspennet 16 til 73 år. Skodespelarprestasjonane var av varierande kvalitet, slik det skal vere i ein amatørrevy. I nokre av sketsjane til dei yngste i troppen, burde overspelet blitt dempa til fordel for ein skarpare punchline.

Høgdepunkt

Sketsjen der Leif Otto Moen og Berit Vestheim forhandlar om «ein velutstyrt Gråtass», var eitt av høgdepunkta. Moen hadde uforvarande lagt salsannonsen på ei sex-side. Vestheim gjorde også ein fin figur som rappar, der ho prøvde å byggje bru over generasjonskløfta ved å prate om alderdomen på eit språk ungdomen forstår.

Sketsjen vart også lyfta av Målfrid Breivik som DJ i kyllingdrakt. Ho var involvert i det meste av det som sette i gong latteren. Breivik sin absurde kyllingfigur var ein gjengangar i fleire av sketsjane. Like morosam kvar gong.

Sakna orkesteret

Eit anna høgdepunkt var Sølvi Vissebråten si omskriving av «Julekveldsvisa». Ho skaper ein trykka julestemning ved å minne familien om at det er meir som skal til for å skape jul enn å «henge opp fuggelband».

Gode revyar skal ha song, musikk og dans. Det hadde Sollysrevyen. Men me sakna eit orkester på scenen.