Niall Horan, Louis Tomlinson, Liam Payne og Harry Styles.
Niall Horan, Louis Tomlinson, Liam Payne og Harry Styles.

Tre magiske minutt

Dei trudde dei berre skulle få handhelse. – Men så sa Louis, «Come here, darling», og eg berre hoppa i armane hans, seier Madelene Persson-Stensrud.

Ullevål stadion, fredag kveld, 19. juni. Det britisk-irske boybandet One Direction er kveldens attraksjon. 25.000 unge fans har kjøpt billett. I ein eksklusiv kø utanfor stadion, saman med berre åtte andre, står Madelene Persson-Stensrud og Birte Deinboll frå Uvdal. 14-åringane har skote gullfuglen: Dei har vunne backstage-møte med boybandheltane.

Ulideleg spanande

– Ein svær og skummel vakt kom og henta oss og viste oss inn, og eg begynte å gråte fordi eg gleda meg så mykje, seier Birte Deinboll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med venninna Madelene har ho meld seg på konkurranse etter konkurranse der premien har vore møte med karane i One Direction, men det har aldri slått til – før for to veker sidan. Då vart det klart at 14-åringane hadde gått til topps i instagramkonkurransen til konsertarrangøren Live Nation Norge. Draumen om å få møte boybandheltane skulle gå i oppfylling.

– Då me stod i gangen inne i stadion og det var fem minutt til dei skulle kome, hugsar eg at eg fekk skikkeleg stygt hår, for eg hadde gråte så mykje, så eg måtte fikse det i siste liten, fortel Persson-Stensrud.

– Og så gjekk plutseleg Isac Elliot (finsk popstjerne) forbi og henta seg middag. Eg er ikkje så fan av han, da, men nokre andre hadde sikkert blitt skikkeleg starstruck, seier Deinboll.

Den beste klemmen

Elliot forsvinn, sekundane tikkar sakte, sakte forbi. Så endrar plutseleg stemninga seg på gangen i Ullevål stadion, for der, der kjem dei: Louis Tomlinson, Harry Styles, Liam Payne og Niall Horan–One Direction i levande live.

– Eg begynte å riste, seier Deinboll.

– Me fekk signal om at me kunne gå inn, og alle gutane stod der på rad. Me berre stod og gret og såg på dei, og så gjekk eg to skritt fram mot Louis. «Come here, darling», sa han, og så berre hoppa eg i armane hans og me klemte ganske lenge. Eg klarte eigentleg ikkje å tenkje, det var så uverkeleg, seier Persson-Stensrud.

– Me hadde fått beskjed på førehand at me ikkje fekk klemme dei, berre handhelse, og me var ganske skuffa. Men då eg kom inn rakk eg ikkje ein gong å spørje før Harry klemte meg. Det var den beste klemmen eg har fått i heile mitt liv, og eg klarte nesten ikkje sleppe, men eg måtte jo klemme dei andre òg, seier Deinboll.

Gentleman-lykke

Fem minutt hadde dei ti vinnarane av backstagemøte med One Direction fått på deling. Dei to 14-åringane frå Uvdal er sikre på at dei sikkert brukte opp tre av dei åleine. Men slik måtte det berre bli.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg var så glad. Eg tenkte eigentleg ikkje på noko anna, seier Persson-Stensrud.

Gråtande, lykkelege, stilte dei to venninnene seg opp saman med heltane. Det vart teke bilete. Så fekk jentene streng beskjed om å gå.

– Då sa Harry: «Oh, I’ll take you there», og så bar han meg over heile golvet bort til han vakta. «Thank you, sweetheart», sa Harry til meg, fortel Deinboll.–Så kom det masse vakter og dytta oss ut.

– Konserten også var veldig bra. No tenkjer eg på møtet med gutane heile tida, og eg får ikkje sove om kvelden. Eg vil gjere kva som helst for å møte dei igjen, seier Persson-Stensrud.

– Eg er endå større fan no og kjem til å prøve like hardt som eg alltid har gjort på å få møte dei igjen, for det var så fantastisk, seier Deinboll.