Tek imot dansarar frå heile verda
I mars fekk Ål kulturhus gjennom Sprang inn sitt fyrste dansekompani på residens.
22. mars flytta dansekunstnar Sudesh Adhana, opphavleg frå India, til Ål for tre veker i regi av Sprang. Saman har han med seg dansekunstnarar frå Storbritannia, Norge og Nepal.
Dei er på residens i Ål, for å jobbe med ei danseframsyning som handlar om protest.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eit framstilling om protest
Sudesh Adhana flytta til Norge frå India i 2006. Før koronaen jobba han med indiske dansarar, om å lage eit prosjekt som handlar om protest.
– Det var mykje protestar i India, og andre stader. Prosjektet handlar om å stille spørsmål ved demokratiske verdiar, korleis me ser på det, korleis me blir styrt og at me står i skuggen, seier Adhana.
Dei søkte støtte, og fekk det. Men så kom koronaen og sette ein midlertidig stoppar for prosjektet. Då dukka det opp ein såkalla «open call» her i Norge, som dei søkte på og enda opp på residens i Ål i tre veker.
Gruppa, som består av Sudesh Adhana frå India, Durga Bishwokarma frå Nepal, Oliver Sale frå Storbritannia og Stian Bergdølmo frå Norge, hatt tre veker øving i Oslo. No er dei tre veker i Ål, før dei skal til Eina og ha tre veker der og premiere på førestillinga 24. april.
Parallelt med dansarane i Norge er det òg fire dansarar i Bangelore som jobbar med same tema. I utgangspunktet skulle det òg ha vore førestillingar i Austerrike, men det gjekk ikkje på grunn av koronapandemien.
– Eg har mykje med India å gjere, så det er viktig at det skjer der òg, fortel Adhana.
Durga Bishwokarma som kjem frå Nepal fortel at ho set pris på å ha ein stad der det blir gjeve plass til å fokusere på berre éin ting, og ikkje stresse med å reise rundt. Ho brukar mykje tid i Katmandu, og fortel at sjølv om miljøet liknar litt, så er det òg svært forskjellig.
– Me brukar mykje tid i studio, så når ein går heim til residensen blir ein så fascinert og følsom av naturen og sola. Det kjennest poetisk, fortel Bishwokarma
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjem inn fleire på residens
– Me har klart å etablere eit samarbeidet med Bærum kulturhus, som handlar om eit nettverk for dansekunstnarar til å kome å ha residens, fortel fungerande prosjektleiar i Sprang, Rannveig Øygardslia.
Det vil seie at dansarane får alt dekt under reisa. Det inkluderer transport, ein stad å bu, samt betalt for å produsere ei danseframsyning.
Det var lenge usikkert om dansarane kunne kome til Ål med tanke på smittevernrestriksjonane. Dei var i dialog med kommuneoverlegen og tok negative koronatestar, og slik fekk dei løyst det.
– Originalt skulle dei ha hatt ein workshop saman med Hallingdal Dansekompani, det går ikkje an, men me prøvar å lage ein virtuell. Det blir jo ikkje det same, men det er betre enn ingenting.
Dei skulle òg hatt ei «work in progress-visning», men det vart ikkje mogleg. Ideen er at dansarane som er på residens i Ål skal gi noko tilbake til lokalsamfunnet.
– Me planla å lage ei kunstnarsamtale både for publikum, dansarar i dansekompaniet og lokale dansarar som kunne kome og prate med teamet om produksjonen, dele opplevingar. Det er ein del av nettverket, fortel Øygardslia.
Framover fortel Øygardslia at det vil kome fleire dansarar på residens. Gjennom nettverket med Bærum kulturhus kjem Ulf Nilseng i oktober, to dansarar frå Tsjekkia i november og Tony Tran i desember. Dei ledige datoane har dei lyst til å fylle med lokale artistar.
I tillegg til dette er det planlagt to ulike produksjonar i Sprang med Margit Myhr og det kvinnelege lauskompaniet Mamalooks.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dansarane som er på residens har brukt den eine dagen til gå på ski og nyte naturen. Dei skryter av fasilitetane som finst i Ål og på kulturhuset og er takknemlege for at dei får kome.
– Dette trengst i Norge, ein stad der du kan jobbe på scene. Danse-Norge treng profesjonelle scener, eit stad der du kan sove, jobbe med profesjonell lyd, lys og scene, seier Sudesh Adhana.
Han fortel at det andre stader, som Austerrike, Frankrike og London, er mangel fleire slike moglegheiter. Han fortel at dette er bra for Norge, og at det blir spreidd rundt omkring og ikkje berre sentrert rundt Oslo.