Synne Fredriksen frå Ål syng i Virtual Choir 3.0 saman med over 3000 andre verda over. Verket «Water Night» av Eric Withacre vil bli framført på nett ein gong i april.
Synne Fredriksen frå Ål syng i Virtual Choir 3.0 saman med over 3000 andre verda over. Verket «Water Night» av Eric Withacre vil bli framført på nett ein gong i april.

Syng med 3.755 andre

Dei har ingen felles øving, og songarane møtest berre over nettet. Synne Fredriksen er med i eit kor som eigentleg ikkje eksisterer.

Det starta i 2009. Ei ung jente lasta opp ein song av komponist Eric Withacre på YouTube. Det resulterte i eit virtuelt kor på 185 stemmer. Når forsøket blir gjort for tredje gong i år, er også Synne Fredriksen frå Ål med. Virtual Choir 3.0 har 3.746 stemmer.

– Det er faktisk 14 korstemmer og utruleg tette klangar. Det heile er eigentleg ganske utruleg, seier ålingen. Ho er ei av dei mange stemmene som til saman blir eit heilt enormt virtuelt kor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framføring i april

Dei har ingen øvingar, ingen fysiske møte, ingen faktisk konsert. I april skal dei likevel framføre eit klassisk musikkverk, truleg for millionar av sjåarar og tilhøyrar på nett. Det skal nemleg bli både noko for augo og øyra. Alle som har lasta opp videoar av ulike stemmer blir klipt saman til eit stort kor.

Framføringa av «Water Night» skal også vere ein del av markeringa av hundreårsdagen til Titanic i Belfast same månad. Planen er i tillegg at verket skal dukke opp i fleire storbyar verda rundt som audiovisuelle installasjonar.

Intervjua av ABC-News

For Synne Fredriksen sin del starta det heilt tilfeldig.

Synne Fredriksen har sunge inn si stemme via web-camera og sendt inn opptaket. Her blir ho intervjua av NBC-News via Skype for å fortelje om korleis ho hamna i eit virtuelt kor.
Synne Fredriksen har sunge inn si stemme via web-camera og sendt inn opptaket. Her blir ho intervjua av NBC-News via Skype for å fortelje om korleis ho hamna i eit virtuelt kor.

– Eg snubla berre over ein video av ei jente som heitte Melody Myers på nett, fortel ho. Melody var del av det første korprosjektet, og Synne vart bergteken.

Også det amerikanske TV-selskapet ABC har fatta interesse for prosjektet. Før helga var ålingen ei av dei som vart intervjua av ABC-News til ein dokumentar om fenomenet som skulle sendast måndag kveld (i går). I tråd med prosjektet elles skjedde sjølvsagt intervjuet via Skype.

Korøving vs. virtual hangout

Til vanleg er Synne Fredriksen bibliotekar som på fritida syng sopranstemme i Ål-koret. Det lokale koret har sjølvsagt langt færre medlemmer, men er litt meir sosiale.

– Det sosiale er viktig i eit kor. Det å kjenne varmen og sjå blikka frå dei andre, men faktisk finst det møteplassar for det virtuelle koret også – på Facebook og Google Hangouts. Eg har ikkje prøvd å henge ut der, enno. Men eg blir i alle fall inspirert av å vere med. Neste gong håpar eg fleire blir med, seier Virtual Choir 3.0 medlem Synne Fredriksen.