Standup, lyrikk og rå dans
Ål kulturhus kan skilte med eit breitt spekter av arrangement når det rykande ferske haustprogrammet dumpar ned i postkassene til helga.
Haustsesongen går i gang fyrste helga i september med foredrag av Kåre Olav Solhjell. Veka etter går komikar og buktalar Erik Mogeno på kulturhusscena med humorshowet «- Du skal bli pappa!». Derifrå rullar programmet vidare med både lokale og nasjonale aktørar i alle sjangrar.
– Programmet har vorte veldig bra. Her er det noko for ein kvar, med både lokale og store kommersielle aktørar. Me har noko for dei fleste aldersgrupper, seier kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho trur mellom anna teaterversjonen av Karl Ove Knausgårds «Min Kamp» kjem til å gå for fullsett sal.
Aha-opplevingar
Samstundes som ho håpar på mykje folk, meiner Skoglund at det er viktig å sette pris på dei arrangementa som ikkje nødvendigvis trekkjer mest publikum.
– Me kan ikkje berre ha fulle salar, det er umogleg. Og køyrer me berre arrangement som er veldig mainstream, så gjer me ikkje samfunnsoppgåva vår. Publikum må sjølvsagt gå og sjå desse veldig kjente artistane og komikarane, men ein må og prøve seg på det som ein ikkje kjenner så godt. Då får ein ofte fine aha-opplevingar. Me håpar at folk kan få desse opplevingane ved å gå på litt annleis arrangement. Då kan ein få litt ny innsikt og oppdage noko nytt, seier ho.
– Heilt rå dans
Dansegruppa «Absence Crew» er norgesmeistrar i breaking, og kjend frå mellom anna Norske Talenter. I oktober kjem dei til Ål kulturhus med forestillinga «NORR – da gudene breaket». Tenk norrøn mytologi, akrobatikk og spesialeffektar.
– Har du lyst til å sjå heilt rå dans, så må du sjå Absence Crew! Det trur eg blir knall, seier Skoglund.
For heile familien
Med mellom anna Riksteatret si oppsetting av «Heia Flåklypa!», blir det nok av kultur for heile familien. I desember kjem kjenningen Gråtass for å rydde opp i julekaoset på garden med «TraktorJul med Gråtass og gjengen».
- Der veit eg at eg og mine barn kjem til å befinne oss i alle fall, fortset Skoglund. – Eg gler meg like mykje som andre til kulturhausten. Det er jo heilt fantastisk å «måtte» gå på kulturarrangement i eigen jobb!
Kulturhusleiaren fortel at ho sjølv gler seg til det meste, men spesielt til heilaftan med Hanne Boel. Den danske artisten har no samla ein akustisk trio for nye tolkingar av eigne hits.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det blir ein kjempe høgdeare!