Monika Engeset er ein singer/songwriter som også godt beherskar jazz-sjangeren.
Monika Engeset er ein singer/songwriter som også godt beherskar jazz-sjangeren.

Solid klapp på skuldra

- 10.000 kroner gjer godt for ein fattig musikar, seier Monika Engeseth. Denne veka fekk ho eitt av 100 nasjonale draummestipend.

Ho har sunge og imitert andre sidan ho var lita. 18-åringen frå Nes har gjennom tre år med kulturskule på Gol utvikla seg til eit lovande talent.

Torsdag vart det offentleggjort at ho er ein av hundre som får eit Drømmestipend inn på kontoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- No kan eg vurdere elgitar, seier vinnaren før ho går på scenen.

Arrangementet Hallingjazz torsdag, som torsdag kveld gjekk for niande gong, er ein årleg seanse for unge kulturskuletalent. Engeseth snubla inn for tre år sidan og peika seg raskt ut.

- Eg har aldri opplevd makan til talent, seier kulturskulerektor Gunhild Gåsvik. For ein gong skuld manglar ho ord.

Kommunalsjef for kultur og oppvekst, Hallvor Lilleslett og ordførar Heidi Granli overrekte stipendet under Hallingjazz-konserten på kulturskulen torsdag kveld.
Kommunalsjef for kultur og oppvekst, Hallvor Lilleslett og ordførar Heidi Granli overrekte stipendet under Hallingjazz-konserten på kulturskulen torsdag kveld.
Monika Engeset, frå Nes, har gjennom tre år på Gol kulturskule utvikla seg til eit musikalsk stortalent. Denne veka fekk ho Drømmestipend 2016.
Monika Engeset, frå Nes, har gjennom tre år på Gol kulturskule utvikla seg til eit musikalsk stortalent. Denne veka fekk ho Drømmestipend 2016.

Sjølv forklarar musikaren sitt inntog på denne måten:

- Eg sat på rommet med gitaren og eit par sjølvskrivne songar. Venninna mi kjøpte eit par songtimar til meg i musikkskulen. Det var mitt første møte med Gunhild som har vore min rettleiar, seier ho. Sidan har det blitt både musikal-roller og eit eige musikalsk uttrykk.

- Eg veit ikkje om eg har funne meg sjølv enno. Ein uitviklar seg heile tida, men i det siste har eg funne eit spor, seier ho, som i år er russ og snart forlet dalen.

- Men ikkje musikken?

- Eg skal studere lyd- og musikkproduksjon på Noroff i Bergen. Eg vil lære litt om produksjon, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Norsk kulturskuleråd og Norsk Tipping som står bak stipendutdelinga, som i går var for 13. gong. Stipendet er på 10.000 kroner, frå eit fond på til saman 1 million.

– Drømmestipendet blir tildelt ungdom i ein alder der mykje endrar seg, og behovet for å bli sett og få påfyll av inspirasjon kan vere avgjerande for den vidare satsinga, sa Eldbjørg og Ragnhild Hemsing.

Dei var begge juryleiarar i år. Frå Buskerud fekk også Vegard Alstad Rukke (Drammen), Jon Martin Høie (Lier), Benedikte Hovd Lyhus (Nedre Eiker) og Mari Endrestøl (Øvre Eiker) stipend i år.

Det var ordførar Heidi Granli og kommunalsjef Hallvor Lilleslett som torsdag fekk æra av å dele ut diplom og sjekk.