Herbjørn Liahagen frå Hemsedal kan gjera seg klar for A-klasse-spel neste år etter andreplassen i Spel hardingfele B.
Herbjørn Liahagen frå Hemsedal kan gjera seg klar for A-klasse-spel neste år etter andreplassen i Spel hardingfele B.

Slik gjekk det på Landskappleiken torsdag

Spel hardingfele B baud på opptur for éin spelemann og eit lite skår i gleda for ein annan. Hallingane held fram med å hevde seg på kappleiksscenen i Vågå.

Herbjørn Liahagen frå Hemsedal spelemannslag er klar for opprykk til eliteklassen etter ein solid andreplass i Spel hardingfele B i Vågå torsdag. Han fekk 78 poeng, og vart berre slått av Jon Hjellum Brodal frå Bærum Spellemannslag (81 poeng). Åsmund Jøtun Fauske frå Gol spel- og dansarlag fekk ein strålande, men likevel litt bitter fjerdeplass. Heile 74 poeng var dessverre ikkje nok, og sende han rett under streken for kvalifisering til A-klassen.

Urangert i den same klassen finn me Bjørnar B. Heimdal, Numedal Spel- og dansarlag, Rebecca Lofft, Ål spel- og dansarlag og Eilev Groven Myhren, Hallinglaget i Oslo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Suveren

Thov Wetterhus frå Numedal Spel- og dansarlag gjekk heilt til topps i Munnharpe senior. Med 92 poeng var han heile 12 poeng framfor nestemann på resultatlista.

Klassen Fløyte senior vart vunnen av Steinar Ofsdal, Laget for Folkemusikk med seljefløyte. Brigit Kollandsrud Friis frå Numedal Spel- og dansarlag følgde rett bak med sjøfløyta si. Mens Hege Synnøve Weseth frå Numedal Spel. og dansarlag, som også spelar sjøfløyte, vart nummer fire.

Stor danseklasse

Ein fin tredjeplass til Hallingdal er fasiten etter Lagdans senior. Dei unge dansarane frå Hugnadheim-miljøet på Torpo kallar seg Hallingan, og dansa springar til 82 poeng.

Godt spel og høg poengsum gav Åsmund Jøtun Fauske fin plassering på resultatlista, men rett under kravet for å kvalifisere til A-klassespel. (Foto Kjell Løkken)
Godt spel og høg poengsum gav Åsmund Jøtun Fauske fin plassering på resultatlista, men rett under kravet for å kvalifisere til A-klassespel. (Foto Kjell Løkken)
Hallingan slo til i lagdans og tok tredjeplassen i ei stor klasse. (Foto Thor Hauknes)
Hallingan slo til i lagdans og tok tredjeplassen i ei stor klasse. (Foto Thor Hauknes)

Det var tett i toppen, for vinnarane Mamalooks enda opp på 85 poeng. Ål spel­- og dansarlag fekk 75 poeng for hallingspringaren sin, noko som heldt til ein sjuande plass. På den urangerte lista i lagdans finn me Gol spel- og dansarlag og Numedal Spel- og dansarlag.

Urangert

Det var tett mellom deltakarane i klassen Langeleik junior. Andrea Søgnen frå Gol spel- og dansarlag tok tredjeplassen, mens vinnaren var Borghild Håvarsdotter Dalbø frå Øystre Slidre Spel­- og dansarlag.

Som ei prøveordning i år blir berre ein tredjedel av deltakarane i kvar klasse rangert. Det betyr at dei unge hallingane som deltok i Halling klasse C ikkje får veta korleis det gjekk. Både Mikkel Aasberg Arnesen frå Geilo Spelemannslag og Olav Kvåle Myksvoll frå Gol spel- og dansarlag hamna i den alfabetiske oversikta. Beste junior-hallingdansar vart Jon Bugge Mariussen, Nesodden Danselag.

Ventar fleire resultat

Fredag morgon var enno ikkje alle resultata frå tevlingane torsdag klare. Me ventar blant anna på Halling klasse A og Vokal klasse A. I sistnemnde er kongepokalen sett opp, så det blir derfor finalekveding laurdag kveld og kåring av vinnaren under meisterkonserten sundag.

Landskappleiken i Vågå held fram fredag med blant andre klassane Dans hardingfele A, Vokal B, Lagspel senior, Dans hardingfele C og Halling B.