Kulturskulerektor Iris Almås Tangeraas og kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund er skuffa over skrinlegginga, men vel å sjå positivt på at kulturskulen får eit løft.
Kulturskulerektor Iris Almås Tangeraas og kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund er skuffa over skrinlegginga, men vel å sjå positivt på at kulturskulen får eit løft.

Skuffa etter danse-nei

Dansmiljøet er skuffa over skrinlegginga av ein landsdelsscene for dans, men det er ikkje slutt på dansen.

Kulturhusleiar i Ål, Anita Borrmann Skoglund, kjempa for ein landsdelsscene for dans til siste slutt.

– Det kjennest som det einaste riktige, seier ho og vedgår det har vore nokre tunge dagar etter at kommunestyret sette ein strek over prosjektet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg vart sjølvsagt skuffa og lei meg, men no går me vidare. Me skal ta vare på det gode dansemiljøet. Med kulturskuleutbygging blir det gode forbetringar, sjølv om dei nasjonale tankane er over, seier Skoglund.

Satsa alt på Thon-kortet

I ettertid er det lett å sjå at ein satsa for mykje på søknaden til Olav Thon stiftelsen. At dei stilte opp med ein million var vel og bra, men det mangla ein null på at finansieringa gjekk opp. Det var framleis 11 millionar kroner i manko då politikarane skulle avgjere saka sist veke. Skoglund seier dei ikkje hadde ressursar til å hente inn meir pengar.

– Men det var driftssida som uroa politikarane mest?

– Me hadde håpa på meir tid både til fullfinansiere og til å sjå på alternativ som kunne redusert driftskostnadane, seier Skoglund. Altså eit alternativt alternativ A. Ei full utbygging, kanskje med reduserte driftskostnader.

Skrinlegging betyr skrinlegging

Høgres parlamentariske leiar på Stortinget, Trond Helleland, uttala til Hallingdølen laurdag at han ikkje trudde eit avslag no er det same som skrinlegging for alltid, men ordførar i Ål Solveig Vestenfor (Ap) trur kampen er over.

– I alle fall i denne omgang, og slik økonomien er ser det ut som det kan gå ei stund. No blir det kulturskuleutbygging. Det alternative landsdelsscene-prosjektet dukka opp litt seint, seier ho og legg til at Helleland sin uttale provoserer.

– Det provoserer når me legg vekt på å sikre innhald. Fleirtalet ville prioritere innhald framfor bygg. Rammeoverføringane til kommunen har heller ikkje akkurat auka med den sitjande regjeringa, seier ho.

Også Anita Borrmann Skoglund er redd draumen om at Ål skal bli eit nasjonalt kraftsenter for dans er over.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det hadde sjølvsagt vore flott, men då treng me ein gåvmild riking. Eg forstår ikkje at Helleland kan seie det han gjer. Eg har problem å sjå at det er mogleg, seier ho.

Vedtaket fall ikkje i god jord på Torpo heller.

– Det er synd, seier dansar Martin Myhr. – Det er lagt ned mykje arbeid, men er det ikkje pengar så er det ikkje pengar. Eg trur Ål kommune hadde vore tent med ei satsing på det sikt, seier han. Det er Hallgrim Hansegård i Frikar samd i:

– Det synd, ikkje berre for Ål og Hallingdal men også ein større region, seier han, og meiner det er behov for ein sterk aktør som kan trekke dansekompani ut i landet og vere med å løfte fram prosjekt. Ifølgje han er det ikkje mange som er i stand til å bygge ein landsdelsscene.

– Det er eit tap for heile regionen. Mykje låg til rette, men utan bygg vil me halde fram å dyrke innhaldet og dansen. Dei mange dyktige folka i miljøet er inspirerande, seier Hansegård.

Ny kulturskule frå 2017

– No skal me lage verdas beste kulturskule. Motivasjonen for det er veldig god, seier kulturhusleiar Skoglund. Også kulturskulerektoren er fornøgd:

– Med prosjektering i 2016 og bygging i 2017 kan det kanskje også bli innflytting i 2017, seier Iris Almås Tangerås.

– Men ikkje noko kraftsenter?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har oppretta eit godt nettverk og held fram. Me sluttar ikkje med ambisiøse mål, seier rektoren.